Taklaukslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Taklaukslekta
Sempervirum tectorum1.jpg
Blomstrande taklauk (Sempervivum tectorum)
Vitskapleg namn
Sempervivum
Utbreiing
Område: Middelhavsland og Vest-Asia
Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Angiospermae
Klasse: Ekte tofrøbladingar
Orden: Saxifragales
Familie: Crassulaceae
Slekt: Sempervivum
Artar
  • Sempervivum altum
    Sempervivum arachnoideum
    Sempervivum armenum
    Sempervivum atlanticum
    Sempervivum ballsii
    Sempervivum borissovae
    Sempervivum calcareum
    Sempervivum cantabricum
    Sempervivum caucasicum
    Sempervivum ciliosum
    Sempervivum davisii
    Sempervivum dolomiticum
    Sempervivum erythraeum
    Sempervivum glabrifolium
    Sempervivum ingwersenii
    Sempervivum juvanii
    Sempervivum kindingeri
    Sempervivum kosaninii
    Sempervivum leucanthum
    Sempervivum macedonicum
    Sempervivum marmoreum
    Sempervivum minus
    Sempervivum montanum
    Sempervivum nevadense
    Sempervivum octopodes
    Sempervivum ossetiense
    Sempervivum pittonii
    Sempervivum pumilum
    Sempervivum soculense
    Sempervivum sosnowskyi
    Sempervivum tectorum
    Sempervivum thompsonianum
    Sempervivum transcaucasicum
    Sempervivum wulfenii
    Sempervivum zeleborii
  • Taklaukslekta (Sempervivum) er ei planteslekt i bergknappfamilien som omfattar rundt 40 fleirårige, eviggrøne artar. Plantane i denne slekta har tjukke, kjøtfulle blad i rosettar og blomar i stengeltoppen som er kvite, gule eller raude. Dei tjukke blada lagrer vatn slik at dei klarer seg i solrike, steinete område, som fjell for viltveksande plantar og tak, steinhagar eller potter for dyrka plantar.

    Taklauk på eit tak.

    Taklauk veks vilt i Nord-Afrika, Sør-Europa og Vest-Asia. Plantane veks særleg i fjellområde frå Pyreneane til Kaukasus. I tillegg til å tola tørke er taklauk også meir frostherdig enn mange andre sukkulentar, og nokre veks i hagar eller forvilla i Noreg. Den best kjende arten i slekta er taklauk (Sempervivum tectorum). Også kingeltaklauk (S. arachnoideum), som er tett spindelvevhåra, er mykje brukt i hagar.

    Plantane er kjende for å danna ei rekkje avleggjarar i gode veksetilhøve, og eit engelsk namn på dei er hen and chicks, 'høne med kyllingar'. Det latinske namnet Sempervivum tyder 'alltid levande' og viser til at planten er eviggrøn og at han klarer seg i vanskelege veksetilhøve.

    Namnet «taklauk» viser til at plantane ofte veks på tak, og ei utbreidd oppfatting har vore at dei vernar mot lynnedslag. Planten er blitt knytt til tordengudar som den norrøne Tor og den romerske Jupiter, og andre namn er Jupiter's beard og tysk Donnersbart ('toreskjegg').

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • «Sempervivum» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 26. juli 2014.

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]