Taklevatnet

Koordinatar: 61°00′22″N 05°23′23″E / 61.00611°N 5.38972°E / 61.00611; 5.38972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taklevatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Utløp Midttakleelva
Nedslagsfelt 3,07 km²
Høgd over havet 291.5 moh.
Areal 0,58 km²
Koordinatar 61°00′22″N 05°23′23″E / 61.00611°N 5.38972°E / 61.00611; 5.38972
Kart
Taklevatnet
61°00′22″N 5°23′23″E / 61.00611115°N 5.38972187°E / 61.00611115; 5.38972187

Taklevatnet er ein innsjø i Gulen kommune i Vestland. Den ligg på 291,5 moh.[1] Vatnet har eit areal på 0,58 km² og drenerer eit nedbørfelt3,07 km².[2] Taklevatnet er regulert og er hovudmagasin for Takle kraftverk. Høgaste regulerte vasstand er 294,2 meter over havet, og lågaste regulerte vasstand er 288,4 moh. Magasinvolumet er 3,5 millionar m³.

Vatnet er blant dei største innsjøane i Gulen kommune. Det er omgjeve av bjørkeskog og lynghei. Dei grunnaste partia ligg i sørenden, og her fanst dei beste fiskeplassane i tida før vatnet vart regulert i 1942. Før utbygginga hadde vatnet òg ei strandsone med grus og sand, men denne er vorte vaska bort etter at vatnet har vore regulert i så lang tid.[3]

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Før Takle kraftverk vart bygd i 1942 hadde Taklevatnet eit godt aurefiske, men etter reguleringa har fisket gått gradvis tilbake. Det siste året det vart rapportert fiskefangst var i 1985, og i 1990 vart vatnet rekna for fisketomt. Ei viktig årsak er at reguleringa har hindra fisken i å kome seg fram til gytebekkane. I tillegg til effekten av reguleringa meiner ein òg at sur nedbør har bidrege til at aurebestanden er borte.[3]

I seinare år har det vore sett ut fisk i vatnet, men enno i 2004 var tettleiken av aure relativt låg.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norgesglasset Arkivert 2009-06-24 ved Wayback Machine., Statens kartverk
  2. NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
  3. 3,0 3,1 Vassdragsrapport, Takle, Midt-Takleelva og Brekkeelva, Samla plan for vassdrag, Miljøverndepartementet 1990, ISBN 82-7243-790-2
  4. Fisk i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane. Sluttrapport 2001-2004, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 2006, ISBN 82-91031-89-4