Tal Afar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tal Afar
تلعفر
by
Land  Irak
Guvernement Ninive guvernement
Høgd 410 moh.
Folketal 200 000  (2014)[1]
Kart
Tal Afar
36°22′45″N 42°26′59″E / 36.379166666667°N 42.449722222222°E / 36.379166666667; 42.449722222222
Wikimedia Commons: Tal Afar

Tal Afar (arabisk تلعفر), òg skrive Tal'Afar, Tall Afar, Tell Afar eller Tel Afar, er ein by og distrikt i Ninive guvernement nordvest i Irak, 63 km vest for Mosul,[2] 52 km aust for Sinjar[2] og 200 km nordvest for Kirkuk.

Det finst ikkje offisielle folketeljingar, men det er estimert at av kring 200 000 innbyggjarar har folketalet falle til kring 80 000. I 2007[3] var nesten alle innbyggjarane irakiske turkmenarar.[4]

Tal Afar er den einaste turkmenske majoriteten i Irak, sjølv om ein finn minoritetar av folkegruppa i Mosul, Kirkuk, Kifri, Daquq, Muqdadiyah, Jalawla og Saadiyah.

Tal Afar byrja som eit osmansk militært støttepunkt på ei høgd (ein tal eller tell). Rundt denne garnisonen voks så byen fram.

Tal Afar ligg på slettelandet sør for Aedeafjella. Byen ligg om lag 40 km austom Sinjarfjella. Ein hovudveg fører frå aust til vest og knyter byen til Mosul.

Sommaren 2014 vart byen erobra av islamistar frå Den islamske staten, og store delar av folkesetnaden flykta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ISIS control i Irak spreads with major northern city capture, rt.com
  2. 2,0 2,1 google maps, Tel Afar. Henta 28. februar 2021.
  3. The Real Surge Story (Washington Post)
  4. «Description of Tal'Afar» (PDF). Department of Behavioral Sciences & LeadershipUnited States Air Force Academy, Colorado Springs. 8. januar 2008. Arkivert frå originalen (PDF) 16. august 2010. Henta 22. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tal Afar