Den talande grashoppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Talande grashoppe)
Il Grillo Parlante. Illustrasjon av Enrico Mazzanti.

Den talande grashoppa (Il Grillo Parlante) er ein oppdikta figur som først opptredde i Carlo Collodi si bok Le avventure di Pinocchio frå 1883.[1][2][3] I Disney-filmen om Pinocchio heiter grashoppa Jiminy Cricket, eller på norsk Timmi Gresshoppe.

Rolle i boka[endre | endre wikiteksten]

I boka har den talande grashoppa eller sirissen budd i huset til dokkemakaren Geppetto i over hundre år. Ho blir først introdusert i kapittel 4, etter at Pinocchio sine rampestrekar har ført til at Geppetto er blitt arrestert. Grashoppa insisterer på at Pinocchio anten må gå på skulen eller arbeida for å delta skikkeleg i verda. Pinocchio nektar og grashoppa utbryt at han er ei dokke med eit hovud av tre. Då hiv Pinocchio ei klubbe på grashoppa og drep henne.

I kapittel 13 kjem grashoppa tilbake som eit skrømt som heimsøker Pinocchio og ber han venda heim, heller enn å møta reven og katten (Il Gatto e la Volpe) som avtalt. Igjen nektar Pinocchio å følgja rådet, og blir som ei følgje alvorleg skadd. Grashoppa vender tilbake i kapittel 16 saman med ei kråke og ei ugle, og ser til den skadde Pinocchio.

Grashoppa opptrer for siste gong i kapittel 36. Han bur då i eit hus gjeve til han av fea med turkis hår, og lèt Pinocchio og den sjuke Gepetto bu der slik at Gepetto kan vinna tilbake helsa.

Seinare tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Remo Bufano dramatiserte Pinocchio-forteljinga for dokketeater i New York på 1920-talet. Grashoppa i stykket hans har ei liknande rolle som i den opphavlege forteljinga, men blir ikkje drepen når Pinocchio blir sinna. I staden hoppar ho unna og hånar han frå sidelinja.[2]

Jiminy Cricket i Disney-filmen Pinocchio.

I Disney-filmen Pinocchio frå 1940 har den talande grashoppa namnet Jiminy Cricket (på norsk Timmy Gresshoppe[4][5]). Ho følgjer Pinocchio gjennom filmen etter å ha blitt fortald at ho skal gjera det av fea med det turkise håret, kalla Blue Fairy i filmen.[6][7] Cliff Edwards gjev røyst til grashoppa i den opphavlege engelske utgåva av filmen, Øivind Blunck i den norske. Jiminy Cricket har seinare opptredd i fleire disneyproduksjonar, som Fun and Fancy Free, barne-tv-serien The Mickey Mouse Club og som skrømt i Mickey's Christmas Carol. Seinare var han med i Disney's House of Mouse og Kingdom Hearts med stemme av Eddie Carroll. Etter at Caroll døydde har Phil Snyder og Joe Ochman gjeve røyst til grashoppa. Jiminy Cricket har også vore ein Disney-maskott.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joy Lo Dico. «Classics corner: Pinocchio by Carlo Collodi | Culture». The Guardian. Henta 1. juli 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Pinocchio Goes Postmodern: Perils of a Puppet in the United States - Richard Wunderlich, Thomas J. Morrissey». Books.google.co.uk. Henta 1. juli 2015. 
  3. «Pinocchio's Real Roots Mapped». News.discovery.com. 8. juli 2011. Arkivert frå originalen 9. mai 2015. Henta 1. juli 2015. 
  4. «Pinocchio - 1940», Filmweb.no (på norsk), henta 17. desember 2018 
  5. «Pinocchio», www.filmfront.no, henta 17. desember 2018 
  6. «Happily Ever After: Fairy Tales, Children, and the Culture Industry - Jack Zipes». Books.google.co.uk. 21. august 2013. Henta 1. juli 2015. 
  7. Rich, Nathaniel (24. oktober 2011). «Carlo Collodi's Pinocchio: Why is the original Pinocchio subjected to such sadistic treatment?». Slate.com. Henta 1. juli 2015.