Taldou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 34°52′59″N 36°30′0″E
Taldou
تلدو, Tall Daww
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Homs
Distrikt Taldou
Nahiyah Taldou
Koordinatar 34°52′59″N 36°30′0″E
Folketal 15 727 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Taldou (òg skrive Tall Daww, Taldo, Tall Dhu eller Taldao arabisk تلدو) er ein by i Houla-regionen nord i Syria, nord for Homs i Homs guvernement. Av byar i nærleiken finn ein Burj al-Qa'i i aust, Tallaf i nordaust, Kafr Laha og Tell Dahab i nord, Qarmas og Maryamin i nordvest, al-Taybah al-Gharbiyah og al-Shinyah i vest, Kabu i sørvest, Sharqliyya i sør og Ghur Gharbiyah i søraust. I 2004 hadde han eit folketal på 15 727 i følgje Syrisk statistisk sentralbyrå.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

I lag med nabolandsbyen al-Shumariyeh var Taldou åstad for Houla-massakren i 2012 der 108 sivile, mellom anna 49 barn og 32 kvinner, vart drepne, visstnok fordi den syriske hæren bomba og gjekk til bakkeåtak mot Shabeeha-militsen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 179.
  3. Houla eyewitness: 'They had no mercy'. BBC News. 2012-05-28.