Tales of Mystery and Imagination av Alan Parsons Project

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tales of Mystery and Imagination
Studioalbum av The Alan Parsons Project
Utgjeve 1. mai 1976
Innspelt Juli 1975 til januar 1976
Studio
Sjanger
Lengd 42:38
Selskap
Produsent Alan Parsons
The Alan Parsons Project-kronologi
Tales of Mystery and Imagination I Robot
(1977)


Singlar frå Tales of Mystery and Imagination
  1. «The Raven»
    Utgjeve: November 1975
  2. «(The System of) Dr. Tarr and Professor Fether»
    Utgjeve: Juli 1976

Tales of Mystery and Imagination (Edgar Allan Poe) er debutalbumet til det britiske rockebandet The Alan Parsons Project. Det kom ut 1. mai 1976 i USA på 20th Century Fox Records og 1. juni 1976 i Storbritannia på Charisma Records. Tekstane og musikken på albumet er baserte på skrekksogene og dikta til Edgar Allan Poe, og tiltrekte seg eit kultpublikum. Tittelen på albumet er henta frå tittelen av ei samling makabre soger av Poe med same namn.

Musikarar på albumet er mellom andre vokalisten Arthur Brown frå The Crazy World of Arthur Brown på «The Tell Tale Heart», John Miles på «The Cask of Amontillado» og «(The System of) Dr. Tarr and Professor Fether» og Terry Sylvester frå The Hollies på «To One in Paradise». Heile besetninga frå banda Ambrosia og Pilot spela på plata i lag med klaverspelaren Francis Monkman frå Curved Air og Sky.

Tales of Mystery and Imagination nådde 38. plassen på Billboard's Pop Albums-lista. Songen «(The System Of) Doctor Tarr and Professor Fether» nådde 37. plassen på Pop Singles-lista og 62. plassen i Canada.[1]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«The Raven» hadde skodespelaren Leonard Whiting på solovokal og Alan Parsons på vokal gjennom ein vocoder. I følgje notata i plateomslaget var «The Raven» den første rockesongen som nytta ein digital vocoder. Innleiinga til «The Fall of the House of Usher» er henta direkte frå operaen «La chute de la maison Usher» av Claude Debussy, komponert mellom 1908 og 1917, men dette er ikkje oppført i omslaget.[2] «The Fall of the House of Usher» er ein instrumental suite som strekkjer seg over 16 minutt og tar opp det meste av side to.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget var laga av Hipgnosis. Storm Thorgerson sa at Eric Woolfson og Parsons ønskte eit design av «høg klasse», inkludert eit teksthefte, lister over medverkande og ein kronologi om livet til Poe. Han skildra det tilbakevendande bilete av ein «teipa» mann:[3]

Poe var oppteken av innesperring. Mange av karakterane hans har blitt innesperra på ein eller annan måte - i kister, bak murveggar eller under golvbord. Me kom opp med den 'teipa' mannen - ein mumieaktig figur som er innhylla, ikkje i bandasjar, men med 2" kassetteip. Dette motivet er dels skrekk-aktig, i tillegg til å vere 'innesperra', og lydbandet indikerer at albumet er gjort av ein produsent i studio, i motsetnad til eit band som speler på ein scene. Sjølv om klientane likte ideen, ønskte dei ikkje eit fotografisk omslag, men i staden ein presis, grafisk representasjon. Den smale stripa med illustrasjonar av [[George [Hardie]]] syner ein lang skugge av den teipa mannen.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[4]
Rolling Stone(middels)[5]

Albumet fekk blanda mottaking i musikkpressa. Billy Altman i Rolling Stone konkluderte med at det ikkje heilt klarte å gjenskape spaninga og den makabre frykta til Poe, og enda med å hevde at «tilhengjarar av gotisk litteratur må nok vente på nokon med meir av det makabre i blodet for ei sannare musikalsk utgåve av dei skrekkskapande verka til Poe.»[6] Likevel fekk albumet ein kultstatus blant fansen til Alan Parsons Project. I juli 2010 vart albumet av magasinet Classic Rock kåra til eit av dei 50 albuma som bygde progrock.[7]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg vart albumet berre kalla The Alan Parsons Project, og vart ein stor nok suksess til at det oppnådde gullplate i USA.

Den originale utgåva var tilgjengeleg på vinyl og kassett i fleire år, men det tok litt tid før det kom ut på CD. I 1987 miksa Parsons albumet heilt på ny, og inkluderte gitarpassasjar og forteljing (av Orson Welles), i tillegg til at produksjonsstilen vart oppdatert med mykje bruk av etterklang og gated reverb på skarptromma, som var populært i 1980-åra. I omslaget til CD-en står det at Welles aldri møtte Parsons eller Eric Woolfson, men sende eit lydband av opptaka sine til dei kort tid etter albumet vart trykt i 1976.

Den førte passasjen fortalt av Welles på 1987-utgåva (som kom før det første sporet, «A Dream Within a Dream») er henta frå eit obskurt stykke av Poe – No XVI av hans Marginalia (frå 1845 til 1849 kalla Edgar Allan Poe somme av tankane sine og fragment av soger «Marginalia.») Den andre passasjen Welles las (som kom før «The Fall of the House of Usher») verkar å kome frå ikkje-fiksjon av Poe, hovudsakleg frå ei samling dikt kalla «Poems of Youth» av Poe (frå «Introduction to Poems – 1831» i ein seksjon kalla «Letter to Mr. B-----------». «Shadows of shadows passing»-delen av sitatet kjem frå Marginalia.

I 1994 gav Mobile Fidelity Sound Lab (MFSL) ut den originale utgåva frå 1976 på CD, som då vart tilgjengeleg digitalt for første gongen.

I 2007 kom ei luksusutgåve ut på Universal Music med begge versjonane frå 1976 og 1987 og ny ommastra lyd av Alan Parsons. Desse inneheldt i tillegg åtte bonusspor.

Nyinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

Ein variant av songen «The Raven» finst på Eric Woolfson-albumet Edgar Allan Poe (2009), som inneheld den komplette musikken frå musikalen med same namn som Woolfson sette opp i 2003. Varianten finst ikkje på plata Poe: More Tales of Mystery and Imagination frå 2003, som er ei forkorta utgåve av musikalen. På denne varianten er basslinja og klaverakkordane frå originale Tales of Mystery and Imagination mogeleg å høyre, men dei er rolegare, og sporet har ikkje vocoder, og i staden ei forkorta utgåve av Poe-diktet sungen. Alan Parsons-albumet A Valid Path inneheld «A Recurring Dream Within a Dream», ei blanding av «A Dream Within a Dream» og «The Raven» med element av elektronisk musikk.

Slough Feg spelte «The Tell-Tale Heart» på albumet The Animal Spirits i 2010.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Eric Woolfson og Alan Parsons, utanom «The Fall of the House of Usher» av Woolfson, Parsons og Andrew Powell

Side ein
# TittelSolovokal Lengd
1. «A Dream Within a Dream»  Instrumental 4:14
2. «The Raven»  Alan Parsons, Leonard Whiting 3:57
3. «The Tell-Tale Heart»  Arthur Brown (ekstra vokal: Jack Harris) 4:38
4. «The Cask of Amontillado»  John Miles (ekstra vokal: Terry Sylvester) 4:33
5. «(The System of) Dr. Tarr and Professor Fether»  John Miles (ekstra vokal: Jack Harris) 4:20
Side to
# TittelSolovokal Lengd
1. «The Fall of the House of Usher
  • «Prelude» – 7:02
  • «Arrival» – 2:39
  • «Intermezzo» – 1:00
  • «Pavane» – 4:36
  • «Fall» – 0:51»  
Instrumental 16:10
2. «To One in Paradise»  Terry Sylvester (ekstra vokal: Eric Woolfson, Alan Parsons) 4:46

Opplesinga til Orson Welles finst ikkje på den originale miksen frå 1976, berre nymiksen frå 1987, særskild på «A Dream Within a Dream» og innleiinga til «The Fall of the House of Usher».

Luksusutgåva frå 2007[endre | endre wikiteksten]

Bonusspor på 1976-miksen av albumet frå 2007
# Tittel Lengd
12. «The Raven» (original demo)  
13. «Edgar» (ikkje-utgjeve spor)  
14. «Orson Welles Radio Spot»    
15. «Interview with Alan Parsons and Eric Woolfson» (1976) 0
Bonusspor på 1987-miksen av albumet frå 2007
# Tittel Lengd
12. «Eric's Guide Vocal Medley»    
13. «Orson Welles Dialogue»    
14. «Sea Lions in the Departure Lounge» (lydeffektar og eksperiment[8])  
15. «GBH Mix» (eksperiment)  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Alan Parsons Project
  • Alan Parsons – orgel, synthesizer, gitar, klaverinstrument, blokkfløyte, vokal, produsent, lydteknikar, Projectron
  • Eric Woolfson – synthesizer, cembalo, klaverinstrument, vokal, korvokal, leiande produsent
Andre medverkande
Teknisk
  • Gordon Parry – lydteknikar
  • Chris Blair – assisterande lydteknikar
  • Tony Richards – assisterande lydteknikar
  • Tom Trefethen – assisterande lydteknikar
  • Pat Stapley – assisterande lydteknikar
  • Hipgnosis – design
  • Colin Elgie – kunst, grafisk design
  • Aubrey Powell – fotografi
  • Peter Christopherson – fotografi
  • Storm Thorgerson – fotografi
  • Sam Emerson – Fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1976 The Billboard 200 38
1976 UK Albums Chart 56
1976 Canada 81
1976 Den spanske albumlista 17

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[9] Platina 100 000^
Tyskland (BVMI)[10] Platina 500 000^
Storbritannia (BPI)[11] Sølv 60 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «RPM Top 100 Singles - 25. september 1976» (PDF). 
  2. The Cambridge companion to Debussy, p. 297 n. 100 / edited by Simon Trezise, Cambridge University Press, 2003.
  3. Thorgerson, Storm: The Work of Hipgnosis: 'Walk Away René', page 131. Paper Tiger, 1978. ISBN 0-905895-08-8
  4. Mike DeGagne. «Tales of Mystery and Imagination: Edgar Allan Poe – The Alan Parsons Project». AllMusic. Henta 28. mars 2020. 
  5. «Rolling Stone Music | Album Reviews». Rollingstone.com. Henta 28. mars 2020. 
  6. Billy Altman (23. september 1976). «Alan Parsons Project – Tales of Mystery & Imagination». Rolling Stone website. 
  7. Classic Rock magazine, 2010. juli Issue 146.
  8. «Sea Lions in the Departure Lounge» bruker same annonsering som tidlegare var brukt på Pink Floyd-instrumentalen On the Run frå albumet The Dark Side of the Moon, der Alan Parsons var lydteknikar.
  9. «Canadian album salstrofé – Alan Parsons Project – Tales of Mystery and Imagination». Music Canada. 
  10. «Gold-/Platin-Datenbank (Alan Parsons Project; 'Tales of Mystery and Imagination')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  11. «British album salstrofé – Alan Parsons Project – Tales of Mystery and Imagination». British Phonographic Industry.  Enter Tales of Mystery and Imagination in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go