Talet 13

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Talet 13
i ulike talsystem:
1101 binært
15 oktalt
13 desimalt
D heksadesimalt
XIII romartal

Talet tretten (13) er det sjette primtalet og det einaste primtalet mellom 11 og 17. I heiltalsrekkja kjem det etter talet tolv og før talet 14.

Ordenstalet som svarar til talet tretten, er trettande (13.).

I mange kulturar seier ein at 13 tyder ulukke. Irrasjonell angst for talet 13 er ein sjukdom som heiter triskaidekafobi. Av di mange fryktar dette talet, har vestlege fly ikkje nokon seterad mellom rad tolv og rad 14, og mange høghus har ingen etasje mellom den tolvte og den som heiter 14.

Talet 13 er brukt i visse faste uttrykk, som tretten på dusinet.