Diskusjon:Augustus

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg vil her leggje inn forslag om at etterskriftet "av romarriket" blir sløyfa i alle artiklane om romerske keisarar. Ein grunn til det er at desse keisarnamna er så kjende at dei omtrent ikkje er nytta andre stader enn nett i Romarriket. Om vi har statsleiarar som Henry eller Philip, kan det høve godt om ein skil mellom Henry IV av England eller Henry IV av Frankrike. I dette høvet er "av Romarriket" i røynda meiningslaust. Vi veit at Augustus var keisar i Romarriket, så det er ikkje naudsynt å nemne det i overskrifta. Rediger attende til "keisar Augustus", det er lettare å finne fram i. sign EGM.

Eg viser for det første til det som er sagt på Diskusjon:Sigurd I av Noreg. Dernest vil eg seie at er det nokonstad ...av keisardøme.... med fordel kan utelatast, så er det for dei romerske keisardømet. Alle andre keisarar har jo lånt tittelen sin derifrå. --Knut 7. mars 2010 kl. 14:21 (CET)[svar]
Flytt. --Njardarlogar (ordskifte) 28. juli 2022 kl. 10:49 (CEST)[svar]