Diskusjon:Austgermanske språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I artikkelen står det at austgermansk er ei utdøydd språkgrein, og så vert det nemnd språk som tilhøyrer greina, mellom anna lombardisk. Språket som vert omtala i artikkelen lombardisk verkar ikkje utdøydd. I artikkelen lombardisk står det: «Jf. også artikkelen om det vestgermanske språket langobardisk. Engelsk 'Lombard' tyder både 'lombardisk' og 'langobardisk'.» Så då er det kanskje langobardisk språk det skulle stå/lenkjast til i denne artikkelen? Men om langobardisk står det (i artikkelen langobardisk språk) at det er eit vestgermansk språk. Så eg får ikkje dette til å hengje saman. --Jorunn 09:48, 17 juli 2007 (CEST)

Ser ikkje at det kom noka oppklåring her, men fjerna i alle fall lenkja til langobardisk som var her no, og som vert omtala som eit vestgermansk språk på ulike wikipediaer. --Njardarlogar (ordskifte) 5. april 2021 kl. 15:58 (CEST)[svar]
Her gjekk diskusjonen sakte, ja, men det er altså slik: Austgermansk er utdöydd. Langobardisk er også utdöydd, det var eit vestgermansk språk. Lombardisk er derimot det italienske språket i Lombardi og Trentino, og verken austgermansk eller utdøydd. Trondtr (diskusjon) 6. april 2021 kl. 17:38 (CEST).[svar]