Diskusjon:Folkets tenar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk omsetjing[endre wikiteksten]

Om ikkje «Folkets tenar» er ei offisiell omsetjing vil eg føreslå å byta det ut med «Tenaren av folket», som er rettare på nynorsk. Artikkelen er omsett frå bokmål og eg er redd det har påverka valet av nynorsk form. Bokmål bør helst ikkje avgjera kva me kallar ting på nynorsk, særleg ikkje når det går imot grunnprinsippa i skriftspråket. Eiliv (diskusjon) 9. oktober 2022 kl. 04:34 (CEST)[svar]

Utanlandske politiske parti har vel sjeldan eller aldri offisielle norske namn, og om dei berre hadde eit offisielt bokmålsnamn skulle me vel heller ikkje nytta dette som artikkelnamn. Folketenaren er ei anna omsetjing me kunne nytta; det vert vel mest ei smakssak. Kan i denne samanhengen nemna at ukrainsk, som dei fleste slaviske språka, ikkje har mykje til binding, slik at narodu på opphavsspråket ikkje har noka eksplisitt bunden eller ubunden form, utan at dette treng påverka omsetjinga. --Njardarlogar (ordskifte) 9. oktober 2022 kl. 13:20 (CEST)[svar]