Diskusjon:Grønlia

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er tvilande til at man utvann farge frå alunskifer. Alun blir bruka til beising av garn, så fargen blir betre bunden til garnet. mengden alun vil ha innverknad på kva for nyansar ein får. dersom alunen i seg sjølv set farge på tøyet sett eg pris på ei kjelde.

Eg er også tvilande til at dagbrota etter alunskifer er lett synlege. Så vidt eg veit er dei øydelagd av husbygging og seinare sprenging. Siste rest er vel i bakgården til Viking i Konnows gate? --Ekko 25. juli 2008 kl. 10:10 (CEST)[svar]

Det finst mykje stoff om Alunverket, m.a. med teikningar av arbeidet med bryte alun i Ekebergåsen. Eg har no gått tur her i årevis, og sett tydelege merke etter brota. Men lokalhistorikarar kjem vonaleg på banen. Den som veit meir om fargar og alunskifer, lyt koma fram med kunna si. Eg skal gå gjennom det eg har liggjande av slikt stoff. Det bør helst lagast ein eigen artikkel om Alunverket under Ekeberg. Collett som åtte verket ei tid, sytte t.d. for skule åt ungane til arbeidarane etter det eg hugsar å ha lese. --Røven 25. juli 2008 kl. 11:26 (CEST)[svar]
Det har og vore ein del debatt om kor stort område som tilhøyrer Grønlia. Eg ser av skriftene til Camilla Collett at namna Grønlia og Kongshavn vert nytta noko om einannan. Det tyder på at det er rett at Grønlia er heile lia mot sjøen mellom Konghavn og Sørenga. I 1945, eg trur det var 18. august, var det ein stor eksplosjon i Grønlia / på Grønlikaia som gjorde stor skade. Den kunne det og seiast noko om. Det er mange som hugsar den.Røven 25. juli 2008 kl. 11:31 (CEST)[svar]
I fylgje nhm.uio.no vart det utvunne raud- og brunfarge frå skiferrestane etter alunutvinninga i Ekeberg-skråninga. I Oslo byleksikon står: «Skiferen ble brent på store bål i flere dager. Av vann som ble helt over fikk man ved inndamping en kali-alun som ble brukt i garverier og ved beising av tekstiler. Avfallet kunne brukes ved fremstilling av røde og gule farger.» Dei seier altså begge at fargestoffa var eit biprodukt som vart utvunne av restane etter alunutvinninga. --Jorunn 25. juli 2008 kl. 14:17 (CEST)[svar]
Wergelands "hytte" er i andre kilder lokalisert til det som idag er Ekebergveien 19. I teksten står det at det er Mosseveien, men jeg ser ingen kilder til det. Se der i mot for eksempel tekst: "Han befant seg ved en liten, "simpel" hytte oppe i fjellet ved fiskerleiet Grønlien. Der så han utover fjorden og byen og Maridals-fjellene i det fjerne. Han kunne over fjorden høre militærmusikken fra festningen. Han fikk kjøpt den "simple" hytten." (Peter Harnes, Gamlebyen historielag – 2005 Gamlebyen historielags skriftserie ISSN: 1503-5751) Oppe i fjellet med utsikt til Maridals-fjellene i det fjerne er ikke mulig fra Mosseveien. Se også Aftenposten 15.06.2008. 2A05:9CC4:7B:D02C:B952:2F1E:105D:1458 13. august 2022 kl. 18:39 (CEST)[svar]

Det er mykje spanande historie - eldre og nyare - knytt til Grønlia. Den som kjenner seg kalla, lyt utvide artikkelen.--Røven 25. juli 2008 kl. 18:22 (CEST)[svar]

«Grønlikulden»: Saman med resten av dalen under Ekebergskråninga er dette ein rå og utriveleg stad om vinteren, utan direkte sol. Så kan hende er det dette han tenkte på? --Ekko 26. juli 2008 kl. 21:16 (CEST)[svar]

Kanhende det òg. Elles går det fram at huset i seg sjølv var kaldt. Det var i alle høve ikkje ein stad der Wergeland totte kunne flytte inn med Amalie Sofie.--Røven 29. juli 2008 kl. 21:16 (CEST)[svar]