Diskusjon:Somali

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelen heiter «Somali». men på toppen av infoboksen står det «Somalisk». Det bør vel stå det same begge plassar? Eg veit ikkje kva som er rett, men for meg er det naturleg å seia «somalisk». «Somali» høyrest vesterøysk ut for meg. Sigmundg (diskusjon) 30. januar 2021 kl. 18:06 (CET)[svar]

Eg er samd. Eg ser at somali er i bruk også, men er samd med deg. Nynorskordboka seier det same (om enn indirekte). Språkrådet er i ferd med å revidere språknamn no i vinter, men hmm no ser eg at dei i den ureviderte lista har somali. Tida arbeider likevel mot Språkrådet: Frå at "Somali" dominerte totalt på 1800-talet, via ein periode frå krigen og ut hundreåret då dei var like vanlege, men dei siste to tiåra har somalisk stige bratt og er no nesten 4 gonger så vanleg, jf. Nasjonalbiblioteket sine n-gram. Trondtr (diskusjon) 30. januar 2021 kl. 18:55 (CET).[svar]