Diskusjon:Tidlaus

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk namn[endre wikiteksten]

Eg kunne tenkt meg å flytta denne artikkelen til ein norsk tittel, til dømes tidløyse, ettersom dette og tidlaus verker vera meir brukt enn naken jomfru. -- Ranveig 11. des. 2005 kl. 22:27 (UTC)

Hei @Ranveig: Eg er skeptisk til denne bruken av parameteren "status_norsk". Parameteren "status" er knytt til den globale raudlista frå IUCN. Parameteren "status_norsk" hentar automatisk inn Raudliste-kategoriar (med sirkelsymbol) gjennom kodane cr, en osv., men då blir det temmeleg forvirrande å dra inn statusen i den norske Framandartslista, som jo er nok heilt anna (og som ikkje har tilsvarande innhenting av kvadratsymbola for se, hi, ph osv.). Ein kunne tenkt seg ein eigen parameter for Framandartskategoriar, men då måtte det gå tydeleg fram kva som er meint med "status". T*U (diskusjon) 10. mars 2023 kl. 09:33 (CET)[svar]

Eg er einig i at det kan vera forvirrande. Trur grunnen er at artar i Artsdatabanken anten har ein status som heimleg art (livskraftig, truga osb.) eller ein status som framandart. Ville det vore tydelegare om det i staden for t.d. "Låg risiko" stod "Låg risiko på Framandartslista"? Ranveig (diskusjon) 10. mars 2023 kl. 09:44 (CET)[svar]
Eit anna alternativ er å laga ein ny parameter, som "status_noreg_framand", med ei formulering som "Status i Noreg som framand art: Låg risiko". Eg trudde det ville skapa mykje arbeid å gjera om, men ser i Kategori:Artar på Framandartslista at det ikkje er snakk om så mange artiklar. Ranveig (diskusjon) 10. mars 2023 kl. 09:56 (CET)[svar]
Båe løysingane kan brukast, men kanskje enklast med den første, for ingen artar kjem på båe listene. Formuleringa kan kanskje betre vere "Framandart med låg risiko" (for "framandart" er jo òg ein status). Så kunne ein tenkje seg å få inn firkantane etter kvart. Når det gjeld kategorien, har eg nok forsømt meg, for eg har ikkje lagt inn kategorien på nokon av dei mange titals framandartane eg no nyleg har snikra om artar i Aspargesordenen. --T*U (diskusjon) 10. mars 2023 kl. 10:05 (CET)[svar]
Då har eg endra formuleringa. Kategorien blir lagt inn automatisk av modulen. Då er det lett å eventuelt endra på han, til dømes delt opp etter dei ulike risikogruppene. Ranveig (diskusjon) 10. mars 2023 kl. 12:28 (CET)[svar]