Diskusjon:Veng

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein artikkel med potensiale[endre wikiteksten]

Ein merknad til meg sjølv og andre: Få denne artikkelen opp på nivået han fortener.--Bep 28. mai 2008 kl. 23:09 (CEST)[svar]

Er ein veng ein type finne? Kanskje ikkje viss finnar alltid er vende vertikalt, slik som halefinnar og ryggfinnar, men finnar brukast òg om 'venger' på båtar, sjå https://snl.no/stabilisator_p%C3%A5_skip Finne er her direkte omsetjing av en:fin, men det kanskje heilt galt?

--Roar (diskusjon) 5. mai 2016 kl. 10:00 (CEST)[svar]

Veng og vengje[endre wikiteksten]

I ordlista har vi

  1. Ein veng http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=Veng&nynorsk=+&ordbok=nynorsk&alfabet=o
  2. Ei veng(j)e http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=Vengje&nynorsk=+&ordbok=nynorsk&alfabet=o

Eg har fått dette forklart slik at den første forma i hankjønn er det opphavlege nynorskordet i dei fleste dialektar, nr 2 er meir ein bokmålshybrid. Etter mi meining bør vi gjennomføre hankjønnsforma konsekvent. Det er nemnt at dyrenemningar / organismenamn som sluttar på -vengje er grei bruk av hokjønnsforma, men eg ser artsnavnebasen http://www2.artsdatabanken.no/artsnavn/Contentpages/Sok.aspx i alle høve skriv -venger utan j.

Etter siste rettskrivinga har vi lov å bøye ein veng med a-formene i fleirtal. --Roar (diskusjon) 8. mai 2016 kl. 13:20 (CEST)[svar]

@Roarjo: Ser du endrar -vengje til -veng i ulike taksonominamn med tilvising til Artsnamnebasen. Dette er derimot eit språkspørsmål og ikkje eit taksonomispørsmål; Artsdatabanken er ikkje nokon autoritet på rettskriving, og avgjer ikkje om me kan nytta -j-, y eller ø osb., det er det Språkrådet som gjer. Om ein dessutan i ein artikkel skulle tala om vengjer om lemene og derette tala om venger i taksonominamn får ein heller ikkje eit språk som er samsvarande.
Når det gjeld opphavet til hokjønnsforma, står det på wikien til Ivar Aasen-sambandet at Aasen nemnde fleirtal med -j-. Elles nemner Aasen i Norsk Grammatik (s. 125) skjåvengje, og i gjeldande rettskriving er hokjønnsforma einerådande for skinnvengje, medan hankjønnsforma er med for kvefsane. Andre ord att kan berre skrivast med hankjønnsforma. I sum framstår opphavet til hokjønnsforma som noko komplisert.
Det kan godt vera at mange nyttar forma med -j- av di dei tenkjer at denne er meir i tråd med tradisjonell rettskriving utan å ha tenkt mykje over saka, men tenkjer ein bør trø varsamt her. --Njardarlogar (ordskifte) 9. mai 2021 kl. 14:59 (CEST)[svar]
Når eg ser det eg skreiv i 2016 tenkte eg nok at insektnamna fekk vere slik dei var med j i vengjer. Det som motiverte meg til endringa annonsert her var miksing i fugleartiklar om t.d. fugl med markant vengeband som et årevengjer. Gje eit hint om du meiner insektnamna skal tilbake der dei var. Er ein ikkje nøgd med nynorskforma av eit namn i Artsnamnebasen kan ein melde frå til postmottak at artsdatabanken.no. --Roar (diskusjon) 9. mai 2021 kl. 18:55 (CEST)[svar]
Eg trur ikkje me treng meir endring enn naudsynt, dei som ynskjer forma med -j- kan snøgt nok endra attende i tekst dei sjølv har skrive, og eventuelt koma med meininga si om emnet. Når det gjeld Artsnamnebasen, spår eg at dei ikkje tek mykje omsyn til valfridom i skriftspråket som går på stavemåte og grammatikk. Til dømes har dei ikkje noka bokmålsoppføring for sjuprikka marihøne. Difor veit eg ikkje om det har noko for seg å kontakta Artsnamnebasen for einskildformer som denne, eg tenkjer dette går på struktur. Om Artsnamnebasen burde hatt med alle mogelege variantar av eit artsnamn som er i tråd med gjeldande rettskriving har eg ikkje noka sterk meining om. --Njardarlogar (ordskifte) 9. mai 2021 kl. 19:54 (CEST)[svar]