Talkalakh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Talkalakh
تلكلخ, Tall Kalakh
by
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Talkalakh
Nahiyah Talkalakh
Koordinatar 34°40′38.16″N 36°15′01.46″E
Folketal 18 412  (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Talkalakh
34°40′6″ N 36°15′35″ E

Talkalakh (arabisk: تلكلخ) er ein by nordvest i Syria som administrativt høyrer til Homs guvernement og som er senteret i Talkalakh-distriktet like nord for grensa til Libanon og vest for Homs. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS) Talkalakh eit folketal på 18 412 i 2004.[1]

I den osmanske tida, på 1700- og 1800-talet, var Talkalakh heimstaden til den rike og viktige Danadisha-klanen (òg skrive Dandashi).[2] Dei konkurrerte hardt med al-Jundi-familien i Talbiseh og Hama.[3]

Folk i byen har handel og offentlege tenester som hovudnæringa si. Han har seks moskéar og to hovudplassar: Al Hurria- og Al Saha Al Amma-plassen.

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Den 15. mai 2011, som ein del av den syriske borgarkrigen, bomba den syriske hæren Talkalakh etter at hæren vart angripen i byen dagen før. Sju sivile vart drepne og minst 2 000 innbyggjarar prøvde å flykte frå byen til Libanon.[4]

Talkalah var ein av dei første byane i 2011 som gjorde opprør mot dei syriske styresmaktene.[treng kjelde] Dei syriske styrkane gjekk fleire gonger til åtak på byen og gjorde store skadar. Eit av dei mest brutale åtaka skjedde 14. mai 2011 då han vart bombardert med tanks, rakettar og militæret trengde seg inn i byen.[treng kjelde] Kring 27 menneske mista livet i åtaket, og sidan den gong har byen vore prega av uro og fleire åtak frå militsen til Assad.[treng kjelde]

Ein innbyggjar hevda at Shabiha-militsen gjekk til åtak på Sunni-innbyggjarane, og fortalte at «Byen Talkalakh er tom for folk. Dei fleste har flykta til Libanon,».[5] Resten av Sunni-innbyggjarane held fram protestane mot styresmaktene og gjekk til åtak på alawittar-strøk i byen for å syne sinnet sitt mot Bashar al-Assad og den alawittar-dominerte regjeringa.[6]

Den 12. februar 2013 avslørte ein CNN-reporter i Talkalakh at sjølve byen vart kontrollert av opprørarane, sjølv om regjeringsstyrkane berre var nokre få meter unna og kringsette byen. Det var likevel ingen kampar i og rundt byen takka vere ein spinkel våpenvikle som ein lokal sjeik hadde forhandla fram med eit alawittar-medlem av parlamentet.[7] Våpenkvilen enda i juni 2013 då regjeringsstyrkane dreiv ut opprørarane og tok kontroll over byen.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. Douwes, 2000, s. 113.
  3. Douwes, 2000, s. 84.
  4. Wikstrom, Cajsa (September 3, 2011). «Escaping Syria's crackdown». Al Jazeera. Henta 10. juni 2014. 
  5. «'Catastrophic' picture emerges of Syrian town». U-T San Diego. May 16, 2011. Henta 10. juni 2014. 
  6. «Fleeing Violence as Syrians Cross Border Into Libanon». Georgia Public Broadcasting (GPB). May 4, 2011. Arkivert frå originalen 14. juli 2014. Henta 10. juni 2014. 
  7. Pleitgen, Frederik; Jomana Karadsheh. «CNN exclusive: Fragile cease-fire holds in besieged town». Talkalakh: CNN. Henta 13. februar 2013. 
  8. Dominic Evans; Oliver Holmes (26. juni 2013). «Syria death toll tops 100 000, rebels lose border town». Reuters. Arkivert frå originalen 26. august 2013. Henta 10. juni 2014.