Talk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Talkskifer)
Hopp til navigering Hopp til søk
Talk
Talc.jpg
Krystallar av talk0
Generelt
KategoriSilikatmineral
Kjemisk formelMg3Si4O10(OH)2
Strunz-klassifisering9.EC.05
KrystallsymmetriAnten monoklin 2m eller Triklinsk 1[1]
Einingscellea = 5.291 Å, b = 9.173 Å, c = 5.290 Å; α = 98.68°, β = 119.90°, γ = 90.09°; Z = 2 or
a = 5.287 Å, b = 9.158 Å, c = 18.95 Å, β = 99.3°; Z = 4[1]
Identifikasjon
FargeLight til mørk grøn, brun, kvit,grå
KrystallformFolieaktig til trådaktige massar, sjeldan plateaktig til pyramideforma krystallar
Krystallsystemmonoklin eller Triklinsk[2]
Kløyvperfekt på {001} basal kløyv
BrotFlate flater (ikkje kløyv), brot i ujamnt mønster
FastleikKan skjerast
Mohs hardleiksskala1 (definerande mineral)
GlansVoksliknande eller perleaktig
StrekfargeKvit til perlesvart
TransparensGjennomskinneleg
Spesifikk vekt2.58 til 2.83
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1.538 – 1.550
nβ = 1.589 – 1.594
nγ = 1.589 – 1.600
Dobbeltbrytingδ = 0.051
PleokroismeSvak i mørke varietetar
Ultrafiolett fluorescensKortbølgja UV=oransje gul, langbølgja UV=gul
Kjelder[1][3][4]

Talk er eit kvitt eller svakt grønaktig mineral, eit hydroksylhaldig magnesiumsilikat med sjiktgitterstruktur. Det kjennest feitt og er svært bløytt (kan ripast med naglen). Talk vert danna ved omvandling av magnesiumrike bergartar, og utgjer hovudbestanddelen i kleberstein (steatitt) og talkskifer. Det finst dels som flaka massar, dels kompakt. Mineralet krystalliserer monoklint.

Talk har ei rekkje industrielle bruksområde, til dømes som smøremiddel, fyllstoff i papir, plast og gummi, i fargeindustrien og som talkum til kosmetiske føremål.

Den totale årsproduksjonen i Noreg er i underkant av 150 000 tonn. Norwegian Talc A/S har brot ved Altermark nær Mo i Rana og ved Framfjord ved Sognefjorden. Andre førekomstar finst ved Otta, Kvam og Ålesund. Altermark Talk vart oppretta i 1932 og vart nedlagt i 2010.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Talk. (19. august 2013). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/talk.
  1. 1,0 1,1 1,2 Handbook of Mineralogi
  2. An Introduction til the Rock-Formingmineral, second edition, by W.A. Deer, R.A. Howie, and J. Zussman, 1992, Prentice Hall, ISBN 0-582-30094-0.
  3. Talc at Mindat.org
  4. Talc at Webmineral


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]