Talvik kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Talvik kommune er ein tidlegare kommune i Finnmark.

Kommunen vart oppretta i 1863 då dåverande Alta-Talvik kommune vart delt inn i kommunane Alta og Talvik. Alta og Talvik høyrde lenge saman i eitt prestegjeld. Hovudkyrkja låg i Talvik, kyrkjebygget stod ferdig i 1705. Dagens kyrkje vart vigsla i 1883. Hasvik sokn vart skilt ut frå prestegjeldet i 1720 og lagt til Loppa prestegjeld. Alta-Talvik formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837. Kongeleg resolusjon av 25. februar 1857 bestemte at Alta skulle verte eige sokn og ei kyrkje skulle reisast. Alta og Talvik vart delt i to prestegjeld ved kgl. res. 27. september 1862. Etter utskiljinga i 1862 hadde Talvik kommune 1 938 innbyggjarar.

I 1964 vart kommunen slått saman med Alta til nye Alta kommune. Talvik kommune hadde 3266 innbyggjarar og utgjorde 1650 km2 før samanslåinga. Den tidlegare kommunen svarar til soknet.

Namnet er anten avleidd av trenamnet tall, 'furu', eller ei forvansking av det samiske Dálbmelukta, kan bety 'tåkebukta'.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Talvik kommune frå 1862 til 1963:

1862 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[3]
1938 2659 2913 3482 3490 3373 3266

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Talvik. – kommune» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Talvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå