Tamara Bykova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tamara Bykova
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 21. desember 1958 (65 år)
Azov
Yrke friidrettsutøvar
Språk russisk
Høgd 180 centimeter

Tamara Vladimirovna Bykova (fødd 21. desember 1958) er ein russisk tidlegare høgdehoppar frå Azov som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister i øvinga i 1983 og elles vann sølv i EM 1982, VM 1987 og bronse i OL 1988. Bykova sin personlege rekord frå 1984 er på 2,05 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bykova meisterskapsdebuterte med ein niandeplass under Sommar-OL 1980 i Moskva. Seks veker seinare vart ho sovjetmeister då ho svinga seg over 1,97 m. Året etter vart ho nummer to med 1,96 m i verdscupen, i ei tevling der vesttyske Ulrike Meyfarth sette verdsrekord med 2,02 meter. Også i EM 1982 vann Meyfarth framom Bykova. Eit halvt år seinare var Bykova heilt suveren i innandørs-EM 1983 i Budapest, der ho sette innandørs verdsrekord med 2,03 m og hadde ein sigersmargin på ni centimeter til landskvinna Larisa Kositsyna.

Utover i sommarsesongen 1983 heldt Bykova forma ved like. Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett stod ho og Ulrike Meyfarth åleine att etter 1,99 m var unnagjort. Som den einaste tok Bykova seg over 2,01 m og vann VM-gullet. Ein månad etter VM i Helsinki møttest dei to i verdscupen i London. Her sette Meyfarth verdsrekord med 2,03 m, ein rekord Bykova tangerte få minuttar etterpå, men likevel måtte nøye seg med ein andreplass. Fire dagar seinare var det klart for nytt meistermøte i Pisa. Denne gongen vann Bykova på ny og ho sette samstundes ny verdsrekord på 2,04 m.

I juni 1984 forbetra Bykova verdsrekorden til 2,05 meter under eit stemne i Kiev. Etter som Sovjetunionen boikotta Sommar-OL i Los Angeles deltok ho ikkje i leikane. Allereie i juli månad same året tok ein annan OL-hindra høgdehoppar, bulgarske Ljudmila Andonova, over verdsrekorden då ho oppnådde 2,07 m.

Under verdsmeisterskapen 1987 hoppa Bykova heile 2,04 m og vann sølv. Likevel vart ho stilt heilt i skuggen då Stefka Kostadinova frå Bulgaria sette verdsrekord med 2,09 meter, ein rekord som har vorte ståande. Året etter vann Bykova bronsemedaljen i høgdehopp under sommarleikane i Seoul.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Under eit stemne i Seattle sommaren 1990 vart Bykova avslørt for bruk av efedrin og stengd ute frå friidretten i tre månader.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]