Tamara Danilova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tamara Petrovna Danilova (fødd 30. juli 1939) er ein tidlegare friidrettsutøvar fødd i Leningrad i dåverande Sovjetunionen. Ho vart europameister i diskoskasting i 1969.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Danilova vart nummer to i sovjetmeisterskapen 1968 og nummer tre i 1969, begge åra vann Ljudmila Muravjova diskosøvinga. Under europameisterskapen i Aten i september 1969 smelte Danilova til med eit kast på 59,28 meter i den siste omgangen, nok til å slå den dit tils leiande Muravjova med fire centimeter og vinne ein noko overraskande gullmedalje.

I 1970 vart Faina Melnik sovjetmeister framom Danilova og Muravjova. Sesongen etter vann Danilova sin einaste sovjetiske meistertittel, med Melnik og Muravjova på dei neste plassane. Ved europameisterskapen 1971 i Helsinki sette Melnik verdsrekord med sine 64,22 meter, medan Danilova kom på femteplass med 58,28 m som best.

Sommaren 1972 vart Danilova nummer tre i den sovjetiske meisterskapen, bakom Melnik og Muravjova. Under OL-finalen i München sette Danilova personbeste med 62,64 m i sitt fyrste kast. Trass i at ho auka til 62,86 m i den tredje omgangen, enda ho opp utan medalje. Tre kastarar, landskvinna Faina Melnik som vann ein klar siger, rumenske Argentina Menis og bulgarske Vassilka Stoeva, kasta alle markant lengre enn Danilova.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]