Tamara Karsavina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tamara Karsavina
Tamara Karsavina as Armide in Pavillon d Armide 1911.jpg
Verkeleg namn Тамара Платоновна Карсавина
Fødd 25. februar 1885
St. Petersburg
Død

26. mai 1978
Beaconsfield

Tamara Karsavina på Commons

Tamara Platonovna Karsavina (10. mars 188526. mai 1978) var ei russisk ballerina. Ho var ei av Russlands fremste ballerinaer i tida før oktoberrevolusjonen.

Karsavina var fødd i St. Petersburg. Ho var dotter til ein ballettdansar, og vart utdanna til ballettdansar og ved Mariinskijballetten. Med tida skulle ho kome til å danse heile Petipas repertoar. Ho dansa med Sergej Djagilevs Ballets Russes og Vatslav Nizjinskij fram til 1913. Hennar mest berømte roller var Lise i La Fille mal gardée, Medora i Le Corsaire og Eldfuglen med koreografi av Michel Fokine.

I 1917 gifta Karsavina seg med ein britisk diplomat og busette seg i London. Ho var i 1920 med på å grunnleggje Royal Academy of Dance. Alicia Markova og Margot Fonteyn var mellom elevane hennar.

Karsavina fortel i sine memoarar, Theatre Street, om tida som aktiv dansar. Mellom dei russiske ballerinaene var konkurransen steinhard, og mellom Karsavina og Anna Pavlova utvikla det seg ein hatsk rivalitet. Karsavina var kjend for sin venleik, og elles innom ballettverda var ho beundra og elska.

Karsavina døydde i 1978 i Beaconsfield i England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]