Tamazightiske språk
| Tamazightiske ('Tamazightisk') |
||
| Klassifisering: | afroasiatiske språk tamazightiske språk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Marokko, Algerie, Tunisia, Libya, Egypt, Niger, Mali, Tsjad, Burkina Faso og Frankrike. | |
| Område: | Magreb | |
| Tamazightisketalande i alt: | om lag 20 - 25 mil. | |
| Rangering: | — | |
| Skriftsystem: | Arabiske eller latinske bokstavar | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | — | |
| Normert av: | — | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2: | ber | |
Tamazightisk (tifinagh: tutlayin timaziɣin, ⵜⵓⵜⵍⴰⵢⵉⵏ ⵜⵉⵎⴰⵣⵉⵖⵉⵏ) er ei språkgruppe som høyrer inn under afroasiatiske språk. Dei ymse tamazightiske språka vert tala over heile Maghreb, frå Kanariøyane (no utd.) i vest, til Egypt i aust og Burkina Faso i sør.
I Europa vart ordet «berber» ofte nytta.[1] Dette ordet stammar frå det greske ordet bárbaroi βάρβαροι, som tyder 'barbarar'. Å kalla folk frå andre kulturar for «barbarar» tykkjest å ha vore enda meir utbreidd i antikken enn i dag. Under romersk okkupasjon vart ordet bárbaroi latinisert, til barbari. Då arabarane innvaderte Magreb, arabiserte dei ordet til al-barbar البربر, noko som franskmennene igjen galloiserte til berbères då dei okkuperte området.
Det er om lag 20–30 ulike språk i denne gruppa (litt etter korleis ein reknar), som for det meste ikkje er innbyrdes forståelege.
Klassifisering av tamazightiske språk[endre | endre wikiteksten]
Å klassifisere dei individuelle tamazightiske språka er ikkje lett, noko som har gjeve seg utslag i at klassifiseringa har variert ein god det siste hundreåret. For tida verkar det som det er rimeleg semje om følgjande klassifisering:
- Nordlege tamazightiske språk
- Kabylsk (Taqbaylit)
- Marokkanske Atlas-tamazightiske språk
- Zenatisk
- Nefusa-Siwa-språk (austlege)
- Ghadames-Awjila-språk
- Tuareg-språk
- Zenaga-språk
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Språkrådet har vedteke at det skal heite berbar på nynorsk, med adjektivet berbisk.
|
|
|
|---|---|
| tamazightiske språk · tsjadspråk · egyptisk · semittiske språk · kusjittiske språk · beja · omotiske språk |
|