Tambopata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tambopata
elv
Land  Peru,  Bolivia
Renn gjennom San Rafael, Puerto Maldonado
Sideelvar Mosojhuaico og Carama
Lengd 402 km
Kjelde Andes
 - høgd 3 960 moh.
Munning Madre de Dios
 - høgd 180 moh.
Kart
Tambopata
12°35′50″ S 69°9′59″ W
Wikimedia Commons: Tambopata River

Tambopata er ei elv som høyrer til Amazonasbassenget, og er ei bielv til Madre de Dios. Ho renn gjennom regionen Madre de Dios, og Puno-regionen i Peru. I tillegg er ho grenseelv mot Bolivia gjennom ei kort strekning. Ho har ei total lengd på 402 km.

Elva vert fødd i dei snøkvite åsane som dominerer det peruansk-bolivianske Altiplano, i høgd over 3900 moh. Gjennom første nedstiginga mot låglandet i Amazonas dannar ho stryk og fossar i djupe dalar.

Under 3000 moh går ho gjennom jungel i eit økosystem som har nesten permanent skydekke, kjent som tåkeskog eller 'yungas'. Når ho når fram til låglandet, under 500 m i Amazonasbassenget vert Tambopata ei roleg, brei og svingete elv gjennom jungelen i Amazonas. Ho Passerer byen San Rafael og tømmer seg i elva Madre de Dios ved regionhovudstaden Puerto Maldonado.

Tambopata kryssar naturreservatet Tambopata-Candamo og får tilførsel av vatn frå elvane Mosojhuaico og Carama.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]