Tamerlan Tsarnajev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Crystal Clear app kworldclock.png Aktuell hending: Denne artikkelen inneheld informasjon om ei aktuell hending. Informasjonen kan derfor vere utdatert, bli endra eller innehalde feil.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Tamerlan Tsarnaev
Verkeleg namn Tamerlan Anzorovitsj Tsarnaev
Fødd 21. oktober 1986
Den autonome sosialistiske sovjetrepublikken Kalmykia i Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken i Sovjetunionen (no Kalmykia i Russland)
Død

19. april 2013
Boston i Massachusetts i USA

Kjend for Boston maraton-bombinga
Religion Islam
Tamerlan Tsarnajev på Commons

Tamerlan Tsarnaev (fødd 21. oktober 1986 i Den autonome sosialistiske sovjetrepublikken Kalmykia, død 19. april 2013 i Boston) var ein av dei mistenkte etter Boston maraton-bombinga 15. april 2013.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tsarnaev vart fødd 21. oktober 1986 i Den autonome sosialistiske sovjetrepublikken Kalmykia, som er Nord-Kaukasus, i Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken i Sovjetunionen, og var russisk statsborgar. Han vart òg fast busett i USA.

Då han kom til USA i 2002 starta han på Cambridge Rindge and Latin School. Han søkja om opptak til University of Massachusetts Boston hausten 2006, men vart avvist. Tre gonger mellom 2006 og 2008 gjekk han på Bunker Hill Community College og studerte regnskap for å verte ingeniør. Han slutta på skulen for å konsentrere seg om boksing.

2008[endre | endre wikiteksten]

I laupet av 2008 vart han truande muslim og stoppa å drikke og røyke.[1] Han starta med å jamleg oppsøkje Islamic Society of Boston-moskéen i nærleiken av heimen hans i Cambridge, ein moské som er skildra i USA Today og Americans for Peace and Tolerance for å undervise i «islamsk tenkning som oppfordrar til misnøye mot Vesten, mistillit til politi og motstand mot vestlege styreformar, kjole og sosiale verdiar».[2]

Han krevde at på-og-av-kjærasten Katherine Russell, som han seinare gifta seg med, skulle konventere frå kristendommen til islam. Ho konventerte til islam og byrja å bruke hijab i 2008.[3][4] Vener sa at han ville seie til Russell at ho var prostituert og eit ludder.[5][6][7][8] Han var kjend for å ha raserianfall der han ville kaste ting, mellom anna møblar, på Russell.[1]

2009[endre | endre wikiteksten]

Som ambisiøs tungvektboksar trente Tamerlan på Wai Kru Mixed Martial Arts Center. I 2009 og 2010 var han New England Golden Gloves-tungvektmeister etter å ha vunne Rocky Marciano-troféet.[9] I mai 2009 deltok han i 201-pound-vektklassen i USA, men tapte i fyrste runde.[9][10]

Han vart arrestert i heimen sin på 410 Norfolk Street i Cambridge 28. juli 2009 for grovt overfall og vald etter eit mogleg overgrep mot ein kjærast.[1][11][12] Kvinnen hadde ringt 911, naudnummeret i USA, greine hysterisk og sagt at ho hadde vorte banka opp av kjærasten sin, i fylgje arrestrapporten.[13] Saka vart henlagt på grunn av manglande straffeforfølgjing og han vart dimed ikkje sendt ut av USA, medan statsborgarskapet til far hans vart forsinka på grunn av hendinga.[14][15]

Onkelen hans, Ruslan Tsarni, sa at «han hadde vore uroleg for hans nevø hadde vore ekstremist sidan 2009», noko som indikerar at Tamalan sin radikalisering ikkje starta då han vitja Russland i januar 2012, men mykje tidlegare i Boston etter at han vart sterkt påvirka av ein muslimsk ideolog. Ideologen vart identifisert som Misha, som vitja Tamerlan og prata i timesvis og han var truleg medverkande til at Tamerlan gav opp musikkinteressen og boksekarrieren.[16] Misha sin påverking på Tamerlan var òg stadfesta av Elmirza Khozhugov, Tamerlan sin tidlegare svigerbror. Khozhugov sa òg at Tamerlan hadde stor påverking på broren Dzjokhar Tsarnaev og hans systre. I fylgje Khozhugov var Tamerlan forguda av syknane: «Ein kunne alltid høyre den yngre bror hans og dei yngre systrane seie «'Tamerlan sa det» og «Tamerlan sa at». Dzjokhar elska han. Han ville gjere alt det Tamerlan sa».[17]

2010[endre | endre wikiteksten]

I fylgje eit fotoessay om Tamerlan i The Comment, eit studentmagasin frå Boston University's College of Communications, sa han at han prøvde å verte amerikansk statsborgar tidsnok til å kunne delta på det amerikanske OL-troppen i boksing. Han sa òg at han «heller ville delta for USA enn for Russland», medan han òg sa at han «ikkje forstod» amerikanarar og ikkje hadde nokon amerikanske vener.[18][19][19] Han sa òg at han avstod frå å drikke og røyke av di «Gud seier nei til alkohol».[20] Han lå til: «Det er inga verdiar lenger. Folk kan ikkje styre seg sjølv».[21] Boksaren Edwin Rodriguez, som er mykje lettare, bokset med Tamerlan i 2010 og sa at sjølv om Tamerlan var god så mangla han tevlingsevne av di han umiddelbart klaga over ribbein- og magesmertar. Rodriguez skildra Tamerlan som arogant, men ein feiging.[9] Utleigaren til Tamerlan sa at bokseambisjonane hans ikkje ville vorte oppfylt av di «ryggen hans var i veldig dårleg form og at han dimed ikkje ville få delta i Dei olympiske leikane»."[22] Trenaren hans og ein anna boksar skildra Tamerlan som talentfull, kul og arrogant.[23][24]

I fylgje ein tante i Dagestan «starta han å verte interessert i islam for om lag tre år sidan, men han var aldri radikal».[25]

Tamerlan datet Katherine Russell frå North Kingstown i Rhode Island i USA på og av då ho gjekk på Suffolk University frå 2007 til 2010.[26] Våren 2010, då Russell gjekk gravid med barnet til Tamerlan, slutta ho på skulen, og dei gifta seg 21. juni 2010.[27][13][28][29][30]

2011[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 2011 sa den russiske føderale tryggingstenesta, Federal'naya sluzhba bezopasnosti Rossiyskoy Federatsii (FSB), at Tamerlan var ein tilhengar av det radikale islam og hadde ein sterk tru. FSB sa at han hadde forandra seg drastisk sidan 2010 og var klår til å reise frå USA til Russland og vere med uspesifiserte underjordiske grupper.[31][32][32] Federal Bureau of Investigation (FBI) nekta for at dei hadde hatt konktakt med Tamerlan, men då mor hans hadde prata med den russiske fjernsynskanalen RT vart det avslørt at dei hadde hatt kontakt.[33] FBI sa at dei hadde intervjua Tamerlan og slekningar av han, men at dei ikkje hadde funne nokon terroraktivitet og det gav resultat sommaren 2011.[32] På dette tidspunktet spurde FBI FSB om meir informasjon, men Russland svarte ikkje på førespurnaden frå USA, og FBI avslutta saka.[34] Mor hans sa at FBI-agentar hadde sagt til ho at dei trudde at Tamerlan var ein «ekstremistisk leiar» og at han fekk informasjon frå «ekstremistiske nettstader».[5][35] Ho sa at Tamerlan likevel hadde vore under FBI-overvaking i minst tre år, og at «dei skulle kontrollere kvart steg han tok». FBI nekta for denne anklagen.[36][37] På eit tidspunkt søkja han om amerikansk statsborgarskap, men vart nekta av Homeland Security på grunn av eit FBI-intervju i 2011.[38] Til tross for at FBI avslutta saka vart Tamerlan, av Central Intelligence Agency (CIA), plassert på en liste over kjende og mistenkte terroristar, berre 18 månader før bombinga av Boston maraton.[39]

Waltham-morda[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Waltham-morda.

Tre jødiske menn, Brendan Mess, Erik Weissman og Raphael Teken vart drepen i eit trippeldrap i Waltham i Massachusetts 11. september 2011, på tiårsdagen for terroråtaka mot Verdshandelssenteret i New York.[40][41] Alle hadde fått halsen skåret over og kroppane var dekkja med marijuana og penger og 5 000 dollar låg att på staden. Den lokale statsadvokaten sa at det viste seg at drapsmannen og ofrane kjende kvarandre. 23. april 2013 rapporterte American Broadcasting Company (ABC) at styresmaktane meiner at Tamerlan kan ha vore ansvarleg for trippeldrapet og har gjennoppretta etterforkinga.[42][43][44][45]

2012–13[endre | endre wikiteksten]

Tamerlan reiste til Russland i januar 2012.[46] I laupet av dei seks månadane han var i Russland vitja han Nord-Kaukasus, inkludert Dagestan og Tsjetsjenia, eit område med uro, etnisk strid, ekstrem islamistisk ideologi og militær islamistisk aktivitet.[47][48][49] Leiaren for House Homeland Security, Michael McCaul, sa at han trudde at Tamerlan hadde fått opplæring i laupet av turen, og hadde vorte radikalisert.[50] Far til Tamerlan sa at han var med han i Makhatsjkala i Dagestan i seks månadar og at dei hadde gjort normale ting, mellom anna vitja slektningar.[51] Imidlertid vart Tamerlan sett av Dagestansk politi då han vitja ein kjend muslimsk militant i ein Salafi-moské i Makhatsjkala.[52][53] I fylgje medieoppslag prøvde Tamerlan å «forsterkje banda til radikale islamistar i ein radikal moské».[54] Farn hans sa òg at Tamerlan var med han til Tsjetsjenia to gonger for å vitja slektningar som bur der.[51]

Han returnerte til USA 17. juli 2012, med eit langt, tykt skjegg.[55][56][7][46] Livet hans tok ein «stadig meir religiøs retning» med «islamsk trygging».[57] Nokre familiemedlemmar meinte han hadde vorte ein «ekstremist».[58]

Etter han kom attende laga han ein kanal på YouTube med ein speleliste med linkar til to videoer som var merka under kategori merka «Terroristar», mellom anna ein den islamske militanten Abu Dujana; videoene vart seinare sletta.[59][60] I ein av videoene fann den amerikanske fjernsynskanalen CNN og SITE Institute bilete av medlemmar frå den militante islamske gruppa Caucasus Emirate frå Nord-Kaukasus.[60] Han linka òg til jihadi-videoar på YouTube, inkludert ein av den radikale imamen Feiz Mohammad; i ein video kan ein høyre ein song på arabisk der ein syng om bomber som eksploderar.[61][48][62][63] Han las ofte på ekstremistiske nettstader.[28]

Tamerlan vart teken av politiet i Boston, Brookline og Cambridge minst ni gonger på fire år. Kjelda seier ikkje noko om kva for år dette hendte.[64] Tamerlan, kona hans Katherine og borna deira mottok statlege velferdsgodar så seint som i 2012, men ikkje då Boston maraton-bombinga fann stad i april 2013.[65] Advokaten til Katherine sa på same tid som bombinga fann stad at Tamerlan var arbeidsledig og hjelpte til med å ta vare på dottera si, medan Katherine arbeidde over 70 timer i veka i heimetenesta for å forsørgje familien.[7][26]

I januar 2013 forstyrra Tamerlan ein Martin Luther King, Jr. Day-preken i ein moské i Cambridge. Han protesterte mot samanlikningane av profeten Muhammed og Martin Luther King Jr og byrja å rope i moskéen. Han vart spurd om å ikkje kome attende til moskéen med mindre han ynskja å avstå frå å rope under prekener. Moskéen sa at Tamerlan òg hadde forstyrra ein preken tidlegare.[66]

Boston maraton-bombinga[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Boston maraton-bombinga.

Saman med broren Dzjokhar Tsarnaev er han mistenkt for å stå bak Boston maraton-bombinga 15. april 2013, drapet på ein politimann 18. april og ein biljakt.

Død[endre | endre wikiteksten]

Tamerlan vart involvert i ei skuddveksling tidleg på morgonen 19. april 2013 i Watertown, ein forstad til Boston. Han vart skoten av politiet og teken til fange, men vart påkøyrd av ein stjålen SUV, køyrd av broren, og slepen 6,1 meter bortover under bilen.[67] Han vart teken medvitenlaus med til Beth Israel Deaconess Medical Center, der han etter at akkutmedisinsk personell prøvde å gjennopplive han, vart erklært daud på grunn av stort blodtap og hjarte- og respirasjonsstans.[68][69]

Foreldra til kona, Katherine Russell, sa i eit fråsegn: «Vår datter har mista sin mann i dag, faren til hennar barn. Me kan ikkje forstå kvifor denne tragiske hendinga fann stad. I kjølevatnet av Patriot's Day veit me at me aldri faktisk kjende Tamerlan Tsarnaev. Våre hjartar er knust etter det han har gjort»."[70]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Mal:Kjelder www
  2. «Boston suspects' mosque has ties to convicted terrorists, fugitives and radical speakers». USA Today. 23. april 2013. Henta 27. april 2013. 
  3. Swaine (20. april 2013). «Tamerlan Tsarnaev's wife Katherine Russell wore the hijab after converting to Islam» (engelsk). The Daily Telegraph. Henta 27. april 2013. 
  4. Nancy Clayson (23. april 2013). «Nadine Ascencao: Tamerlan Tsarnaev’s ex-girlfriend describes him as a “bully” and a “little tough guy”» (engelsk). Belle News. Henta 27. april 2013. 
  5. 5,0 5,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet DOJ affidavit
  6. «Friends, Family Describe Suspects In Boston Marathon Attack» (engelsk). NPR. 19. april 2013. Henta 27. april 2013. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet bostonglobe1
  8. «Tamerlan Tsarnaev, Suspected Boston Bomber, May Not Get Islamic Funeral From Wary Muslims» (engelsk). Huffingtonpost.com. Henta 27. april 2013. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Iole (28. mai 2012). «Dead Boston Marathon bombing suspect Tamerlan Tsarnaev had boxing aspirations». Yahoo. Henta 27. april 2013. 
  10. «The boxing career of Tamerlan Tsarnaev» (engelsk). CBS News. Henta 21. april 2013. 
  11. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet wickedlocal1
  12. Kenner (19. april 2013). «Who Is Tamerlan Tsarnaev» (engelsk). Foreign Policy. Henta 27. april 2013. 
  13. 13,0 13,1 «Boston bombing suspect’s widow assisting investigation, lawyer says» (engelsk). WGN-TV. Henta 23. april 2013. 
  14. Bykowicz (23. april 2013). «Tsarnaev Family Crumbled Before Boston Bombs» (engelsk). Businessweek. Henta 27. april 2013. 
  15. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet nytimes1
  16. Adam Goldman, Eric Tucker, Matt Apuzzo og Associated Press (24. april 2013). «Family: Tamerlan Tsarnaev Influenced By Mysterious Radical ‘Misha’» (engelsk). CBS. Henta 25. april 2013. 
  17. «The hunt for Misha: Bomb investigators search for mysterious 'bald, red-bearded Armenian man' accused of radicalizing Tamerlan» (engelsk). The Daily Mail. 24. april 2013. Henta 27. april 2013.  Parameteren |last= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  18. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet deadspin
  19. 19,0 19,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet thecomment
  20. Thomson Reuters Foundation. «Thomson Reuters Foundation» (engelsk). Trust.org. Henta 27. april 2013. 
  21. «The brothers who paralysed Boston» (engelsk). Brisbanetimes.com.au. 9. juni 2003. Henta 27. april 2013. 
  22. Cullison. «Life in America Unraveled for Brothers - WSJ.com» (engelsk). Online.wsj.com. Henta 21. april 2013. 
  23. Emily Yoffe. «Boxing Coach: Tamerlan Tsarnaev Was “Arrogant, Disdainful”» (engelsk). Slate. Henta 27. april 2013. 
  24. Ron Borges. «Pro boxer threw punches with ‘evil’ Tamerlan Tsarnaev in 2010]» (engelsk). Boston Herald. Henta 27. april 2013. 
  25. «‘Tamerlan was not a religious fanatic’ – Tsarnaevs’ relative to RT» (engelsk). Russia Today. 22. april 2013. Henta 27. april 2013.  Parameteren |title= er ikkje støtta av malen. Meinte du |tittel=?) (hjelp)
  26. 26,0 26,1 «Boston Marathon bombings: Tamerlan Tsarnaev's American wife learned he was wanted from TV» (engelsk). AP as reported in The Independent. 22. april 2013. Henta 27. april 2013. 
  27. Lydia Warren. «Boston bombing suspect Tamerlan Tsarnaev's ex-girlfriend Nadine Ascencao revealed» (engelsk). Dailymail.co.uk. Henta 27. april 2013. 
  28. 28,0 28,1 «Boston bombing suspect Tamerlan Tsarnaev's wife Katherine Russell 'had no idea of plot'». The Courier-Mail. 11. september 2001. Henta 27. april 2013. 
  29. Smith (22. april 2013). «Katherine Russell Tsarnaev, wife of Tamerlan Tsarnaev, wanted by Feds for interview» (engelsk). Huffingtonpost.com. Henta 27. april 2013. 
  30. Celona; Rosario; Greene (22. april 2013). «Wife of suspected Boston Marathon bomber faces FBI's heat» (engelsk). New York Post. Henta 27. april 2013.  Parameteren |førenamn1= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |førenamn2= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |førenamn3= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  31. «FBI — 2011 Request for Information on Tamerlan Tsarnaev from Foreign Government» (engelsk). Fbi.gov. Henta 27. april 2013. 
  32. 32,0 32,1 32,2 Adam Goldman og Eileen Sullivan. «FBI got information from Russian FSB that Tamerlan Tsarnaev was radical Islam follower» (engelsk). The Washington Post. Henta 27. april 2013. 
  33. «FBI Interviewed Tamerlan Tsarnaev 2 Years Ago» (engelsk). CBS Boston. 20. april 2013. Henta 27. april 2013. 
  34. «Boston Bombing Seen as U.S.-Russian Intelligence Failure» (engelsk). The Moscow Times. 15. desember 2011. Henta 27. april 2013. 
  35. Sherwell. «Boston bomber arrested: Tamerlan Tsarnaev was questioned by FBI in 2011» (engelsk). Telegraph. Henta 27. april 2013. 
  36. Mal:Kjelder www
  37. «Tamerlan Tsarnaev's citizenship bid part of widening Boston bombings probe». newsday.com. 11. september 2012. Henta 27. april 2013. 
  38. Preston (20. april 2013). «F.B.I. Interview Led Homeland Security to Hold Up Citizenship for One Brother» (engelsk). New York Times. Henta 27. april 2013. 
  39. «Boston Marathon bombing suspect Dzhokhar Tsarnaev silent after read Miranda rights» (engelsk). CBS/AP. 25. april 2013. Henta 27. april 2013. 
  40. «Did Tamarlan Tsarnaev kill his Jewish friends?» (engelsk). Jewish Journal. 12. september 2011. Henta 27. april 2013. 
  41. «Slain Boston Bomb Suspect Tamerlan Tsarnaev Eyed in Jewish Triple Murder –» (engelsk). Forward.com. Henta 27. april 2013. 
  42. Adrian Walker (12. september 2011). «Police probe possible link between Marathon bomber and unsolved triple homicide in Waltham» (engelsk). Boston.com. Henta 27. april 2013. 
  43. «Link to 2011 Murders Probed in Tsarnaev Case» (engelsk). Henta 27. april 2013.  Parameteren |publisher= er ikkje støtta av malen. Meinte du |utgjevar=?) (hjelp)
  44. «Suspected Boston bomber Tamerlan Tsarnaev 'linked to grisly 2011 triple murder'» (engelsk). News.com.au. Henta 27. april 2013. 
  45. Mcphee (15. april 2013). «Boston Bomb Suspect Eyed in Connection to 2011 Triple Murder» (engelsk). ABC News. Henta 27. april 2013. 
  46. 46,0 46,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet autogenerated4
  47. «Boston Bombing Suspect Dzhokhar Tsarnaev Is in 'No Condition to be Interrogated'» (engelsk). ABC News. 15. april 2013. Henta 27. april 2013. 
  48. 48,0 48,1 «Suspected bombers Dzhokhar Tsarnaev, Tamerlan Tsarnaev, plot difficult for law enforcement to detect» (engelsk). Bloomberg News / Newsday. 21. april 2013. Henta 27. april 2013. 
  49. «Boston Bombing Suspect Tamerlan Tsarnaev Questioned By FBI In 2011, After Suspicions Raised About Radical Islamism» (engelsk). Huffington Post. Henta 27. april 2013. 
  50. «House Homeland Security chairman believes suspect trained in Russia» (engelsk). CNN. Henta 27. april 2013. 
  51. 51,0 51,1 Balmforth (22. april 2013). «'A Clear Setup': The Conspiracy Theory of the Boston Bombing Suspects' Father» (engelsk). The Atlanticl. Henta 27. april 2013. 
  52. Foster. «Boston bomber: FBI 'dropped the ball' over Tamerlan Tsarnaev» (engelsk). Telegraph. Henta 22. april 2013. 
  53. «Charges likely Sunday for Boston Marathon bombing suspect» (engelsk). 17. april 2013. Henta 27. april 2013.  Parameteren |publisher= er ikkje støtta av malen. Meinte du |utgjevar=?) (hjelp)
  54. Anna Nemtsova (22. april 2013). «The Caucasus Connection: At a radical mosque in Dagestan, alleged marathon bomber Tamerlan Tsarnaev is remembered by many worshippers—and the secret police. By Anna Nemtsova» (engelsk). The Daily Beast. Henta 27. april 2013. 
  55. Mollayev (14. august 2009). «Aunt: Boston Bombings Suspect Struggled with Islam» (engelsk). Henta 27. april 2013.  Parameteren |publisher= er ikkje støtta av malen. Meinte du |utgjevar=?) (hjelp)
  56. Fox. «Boston Bomb Suspect's Neighbor Describes Friendly Argument on Religion, Politics» (engelsk). The Wall Street Journal. Henta 27. april 2013. 
  57. Will Englund og Peter Finn (20. april 2013). «Conflict in the Caucasus, reflected in suspect's YouTube playlist» (engelsk). Washington Post. 
  58. Radia (20. april 2013). «Boston Bomb Suspect Alarmed Russian Relatives With Extremist Views» (engelsk). ABC news. Henta 27. april 2013. 
  59. Mal:Kjeld www
  60. 60,0 60,1 «Timeline: A look at Tamerlan Tsarnaev's past» (engelsk). CNN. 21. april 2013. Henta 27. april 2013. 
  61. «Parallels Between Boston Bomber And Australian Preacher» (engelsk). Anti-Defamation League. Henta 27. april 2013. 
  62. «FBI Probed Tamerlan Tsarnaev For Plans To Join 'Underground Groups'» (engelsk). CBS New York. 4. mai 2009. Henta 27. april 2013. 
  63. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet WashPost04192013
  64. Curran (15. april 2013). «Marathon Bombing suspects stopped several times by law enforcement | Team 5 Investigates – WCVB Home» (engelsk). Wcvb.com. Henta 27. april 2013. 
  65. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet bostonherald1
  66. Beth Daley og Martin Finucane. «Marathon bombing suspect disrupted Cambridge mosque on Martin Luther King Day» (engelsk). Boston Globe. Henta 27. april 2013. 
  67. «Boston bomb suspect: Commissioner Ed Davis says Dzhokhar Tsarnaev killed his brother» (engelsk). Daily Mail. Henta 27. april 2013. 
  68. «Beth Israel Deaconess medical staff tried to revive suspect killed in shoot-out» (engelsk). Boston Globe. 19. april 2013. Henta 27. april 2013. 
  69. Ben Berkowitz; Ross Kerber (20. april 2013). «Boston Marathon bombing investigation turns to motive» (engelsk). Boston: Reuters. Henta 27. april 2013. 
  70. Hui (22. april 2013). «How an ‘All-American’ girl met and married Tamerlan Tsarnaev» (engelsk). Globe and Mail. Henta 27. april 2013.