Dei tamilske tigrane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tamiltigrane)
Flagget til Dei tamilske tigrane

Dei tamilske tigrane, på engelske Liberation Tigers of Tamil Eelam (LTTE), er ei srilankisk opprørsgruppe som kjemper for ein sjølvstendig stat for tamilar, Tamil Eelam, på Sri Lanka.

Tigrane blei grunnlagd i 1976 og var lenge leia av Velupillai Prabhakaran. Dei utførtet fleire terroråtak i India og på Sri Lanka, og var blant dei første som tok i bruk sjølvmordsbombarar. Men organisasjonen er òg militært organisert, og har utført ei rekkje aksjonar mot den srilankiske statlege hæren. I 2001 gjekk dei med på ein våpenkvile med styresmaktene i Sri Lanka.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.