Tamreinlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tamreinlaga er lag som reindrifta organiserer i Noreg utanom dei samiske områda. Tamreindrifta i Sør-Noreg består av fire tamreinlag og eit reinselskap som har ei driftsform som skil seg ut frå tradisjonell reindrift.

Dei fire tamreinlag i Noreg er Lom, Vågå, Fram og Filefjell reinlag. Dei ligg alle i fjellområde i kommunar i Oppland, Buskerud og Sogn og Fjordane fylke. Kvart tamreinlag har frå 10 til nærare 250 medlemmer med felles eigarskap til reinen, og felles reinmerke.

Dei som vil drive reindrift utanom dei samiske områda må ha avtale med grunneigarane og konsesjon etter reindriftsloven § 5 i Lov om reindrift. Det er spor etter slik tamreindrift i Sør-Noreg attover til 1700-talet. Omfanget var større før enn no. Både samar og folk frå innlandsbygdene har vore med på denne tamreindrifta.

Tamreinlaga er omgitt av område med villrein. Tap til dei store rovdyra, særleg ulven, har òg gitt store problem.

Ei anna form for reindrift driv Rendal renselskap i Hedmark. Dette har unntak frå merkeplikta i reindriftslova, og driv ikkje tradisjonell reindrift, sidan dei driv jakt på reinstammen.

Totalt er det om lag 11 000 rein i tamreinlaga i Sør-Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]