Tamta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tamta
Verkeleg namn Tamta Goduadze
georgisk თამთა გოდუაძე
gresk Τάμτα Γκοντουάτζε
Alias Tamta
Fødd 10. januar 1981, Den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen (no Georgia)
Instrument Vokal
Sjanger Pop
Aktive år 2004–i dag
Yrke Songar
Plateselskap Minos EMI
Nettstad www.tamta.gr

Tamta Goduadze (fødd 10. januar 1981), kjend som Tamta, er ein gresk-georgisk songar. Ho er best kjend i Hellas og på Kypros etter at ho enda på andreplass i Super IdolMega Channel i 2004.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Tamta vart fødd i Den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen, der ho starta med song då ho var fem år.[1] Berre 14 år gamal fekk ho ei dotter, Annie.

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Då Tamta var 22 flytta ho og familien til Hellas, der ho meldte seg på den greske fjernsynsserien Super Idol. Ho enda på andreplass bak Stávros Konstantínou, som ho seinare spelte inn songen «To állo mou misó» på EP-en Super Idol 2004 saman med.

I januar 2007 annonserte Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) at Tamta skulle delta i Eurovision 2007, den greske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2007. Ho enda sist av dei tre deltakarane som deltok.

I juni 2008 sa Tamta i eit intervju at ho ville likt å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2009.[2] I fylgje rykte hadde Padiofonikó Ídruma Kúprou (PÍK) vore i kontakt med ho sidan mai. Greske medium ville òg at ERT skulle velje Temta som representant i Eurovision Song Contest 2009 på grunn av mistanke om favoritisering frå austblokklanda i 2008, der Kalomoíra enda på tredjeplass. Rykta var ikkje sanne og ERT valte Sákis Rouvás i staden for.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Tamta
  • 2007: Agápise me
  • 2010: Tharros i alitheia

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2004: T' allo mou miso med Stávros Konstantínou
  • 2006: Ftais (Faraway)
  • 2006: Den telionei etsi i agapi
  • 2006: Tornero/Tromero (MAD Version) med Mihai Trăistariu
  • 2006: Einai krima med Grigoris Petrakos
  • 2007: With Love av Tamta|With Love
  • 2007: Agápise me
  • 2007: Agapo (Wanna Play) med Akis Deiximos
  • 2007: |Mia stigmi esi ki ego
  • 2008: Ela sto rhythmo
  • 2008: S' opoion aresei (Dansonra)
  • 2009: Koita me
  • 2010: Tharros i alitheia av Tamta|Tharros i alitheia med Sákis Rouvás
  • 2010: Egoista med Isaias Matiaba
  • 2010: Fotia
  • 2011: Tonight med Playmen og Claydee
  • 2011: Zise to apistefto (Oblivion)
  • 2012: Niose tin kardia
  • 2012: Konta Sou

Musikkvideoar[endre | endre wikiteksten]

  • 2004: T' allo mou miso med Stávros Konstantínou
  • 2006: Ftais (Faraway)
  • 2006: Den telionei etsi i agapi
  • 2006: Tornerò|Tornero/Tromero (MAD Version) med Mihai Trăistariu
  • 2006: Einai krima med Grigoris Petrakos
  • 2007: With Love av Tamta|With Love
  • 2007: Agápise me
  • 2007: Relax, Take It Easy/Agápise me (VMA '07)
  • 2007: Agapo (Wanna Play) med Akis Deiximos
  • 2007: Mia stigmi esi ki ego
  • 2008: Ela sto rhythmo
  • 2008: S' opoion aresei (Dansonra) med [[Stereo Mike## (VMA '08)
  • 2009: Koita me
  • 2010: Tharros i alitheia med Sákis Rouvás
  • 2010: Egoista med Isaias Matiaba (VMA '10)
  • 2010: Fotia
  • 2011: Tonight med Playmen og Claydee
  • 2011: Zise to apistefto (Oblivion) (VMA '11)
  • 2012: Niose tin kardia
  • 2012: Konta sou

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]