Tamworth
Utsjånad
| Tamworth | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Staffordshire | ||
| Distrikt | Tamworth | ||
| Areal | 30,85 km² | ||
| Folketal | 73 924 (2011)[1] | ||
| Postnummer | B77, B79 | ||
| Retningsnummer | 01827 | ||
![]() Tamworth 52°38′02″N 1°41′42″W / 52.633888888889°N 1.695°W | |||
| Wikimedia Commons: Tamworth | |||
Tamworth er ein by og eit administrativt distrikt i Staffordshire i England. Han ligg omkring 27 km nordaust for Birmingham. Namnet kjem frå elva Tame, som renn gjennom byen; det gjer òg elva Anker.
I byen finn ein dei historiske bygningane Tamworth Castle og Moat House, samt Snowdome som er den første innandørs skibakken med ekte snø i Vest-Europa og fornøyelsesparken Drayton Manor Theme Park.
Dei viktigaste industriane er logistikk, ingeniørverksemd og tegl-, flis- og papirproduksjon. Bilprodusenten Reliant hadde hovudkvarteret sitt i Tamworth inntil selskapet flytta i 2001.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tamworth» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2011.
