TanZam-vegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

TanZam er ei viktig vegstrekning som går mellom Tanzania og Zambia. Ho vart bygd i fleire etappar i perioden 1968 til 1973. Hovudføremålet med vegen var å gje Zambia tilgAng til hamn, og få etablert ein transportkorridor til Zambia, Malawi og sørlege delar av Den demokratiske republikken Kongo. Vanlegvis vert den 1 753 km lange strekninga mellom Dar-es-Salaam og Kapiri Mposhi rekna som TanZam. Store delar av vegen går gjennom svært kuperte fjellområde, delvis over 2 000 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]