Hopp til innhald

Tan Dun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tan Dun

Fødd18. august 1957 (68 år)
FødestadChangsha
Fødenamnkinesisk skrift 谭盾, pinyin Tán Dùn
OpphavFolkerepublikken Kina
Aktiv1983
Sjangeropera
Instrumentviola d’amore
Verka somkomponist, viola d'amore player, dirigent, filmmusikkomponist
PrisarBach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg, Musikpreis der Stadt Duisburg, Oscar for beste originalmusikk, Grawemeyer-prisen, Grawemeyer Award for Music Composition, Eugene McDermott Award in the Arts at MIT, Classic Brit Awards, Ellis Island Medal of Honor

Tan Dun (fødd 18. august 1957) er ein oscarvinnande kinesisk-amerikansk komponist busett i New York. Han er særleg kjend for å ha skrive filmmusikk.

Tan Dun vart fødd i Changsha i Hunan-provinsen i Kina. Han voks opp under Kulturrevolusjonen, og hadde ikkje høve til å studera musikk som ung. Han lærte seg likevel å spela fiolin og å arrangera musikk, og blei teken opp ved det gjenopna Sentrale musikkonservatoriet i Beijing som nittenåring.[1]

Dun flytte til New York i 1980-åra og studerte ved Columbia University. Han er etter kvart vorten kjend for å bruka uortodokse instrument i komposisjonane sine; mellom anna har han skrive eit verk der han berre nyttar papir i ulike former til å laga musikk. I eit anna verk nyttar han vasskåler som perkusjon.

Tan Dun har skrive både symfoniar og operaar. Den fyrste operaen hans, Marco Polo, hadde urpremiere i München i 1996. Operaen Peony Pavilion vart urframført i 1998, Tea: A Mirror of Soul i 2002 og The First Emperor i 2006.

Filmmusikk

[endre | endre wikiteksten]

Tan Dun har m.a. skrive filmmusikken til fylgjande filmar:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]