Tana kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For elva kommunen har fått namn etter, sjå Tanaelva.
Tana kommune
kommune
Tanaelva River Bridge Tana.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Adm.senter Tana bru
Areal 4 050 km²
 - land 3 893 km²
 - vatn 157 km²
Folketal 2 922 (2017)
Norsk målform bokmål
Samisk språk nordsamisk
Ordførar Helga Pedersen[1] (Ap)
Kommunenr. 5441
NO 5441 Tana.svg
Wikimedia Commons: Tana
Nettstad: www.tana.kommune.no

Tana (nordsamisk Deatnu, off. Tana kommune/Deanu gielda) er ein kommune i Troms og Finnmark fylke. Han grensar til kommunane Gamvik og Berlevåg i nord, Nesseby i aust, Karasjok i sør, Porsanger og Lebesby i vest, og er eit geografisk og kommunikasjonsmessig knutepunkt i Aust-Finnmark. Tana grensar også til den finske kommunen Utsjoki. Utsjoki ligg sør for Polmak og aust for Tanaelva.

Ein kan passera grensa ved Polmak og over Samelandsbrua ved Utsjoki.

Dei viktigaste næringane i Tana er jordbruk, reindrift, bergverk, bygg/anlegg og tenesteyting. Tana er ein trespråkleg kommune der ein snakkar norsk, nordsamisk og finsk. Kommunen har fått namn etter Tanaelva, som på samisk heiter Deatnu og på finsk Teno (Storelva). Tanafjorden har òg fått namn etter elva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kommunen blei skipa i 1837 i samband med at Formannskapslovene tredde i kraft. Fram til 1914 omfatta kommunen også Gamvik og Berlevåg. 1. januar 1964 blei nabokommunen Polmak kommune del av Tana.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Tana kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4][5] 1.1.1961[4][5] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
2010 2453 2906 3041 3285 3111 3331 3232 3044 2912

Tettstad i kommunen[endre | endre wikiteksten]

  • Tana bru - 728 innbyggjarar per 1. januar 2017

Kjende tanaværingar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ballovara, Mette (10. oktober 2019). «Vant med én stemme – Helga Pedersen ny Tana-ordfører». NRK (bokmål). Henta 10. oktober 2019. 
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Tana 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Polmak 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. «Samling av innspill til veinavn innkommet gjennom høring 2008 - 2009» (PDF). Deanu gielda – Tana kommune, Utviklingsavdelingen. 5. mars 2009. «Reidar Hirsti [...] Født i Bonakas.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.