Tanaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tanaelva
elv
Land  Noreg,  Finland
Del av grensa mellom Finland og Noreg
Nedslagsfelt 16 377 km²
Renn gjennom Karasjok, Tana
Sideelvar Frå høgre: Luftjok, Polmakelva, Vetsijoki, Akujoki

Frå venstre: Masjokelva, Lákšjohka, Borsi, Leavvajohka, Váljohka

Lengd 348 km
Middelvassføring 197 /s
Kjelde Finland
Munning Tanafjorden
Kart
Tanaelva
70°30′0″ N 28°23′45″ E
Wikimedia Commons: Tana River (Fennoscandia)

Tanaelva, på nord-samisk Deatnu, finsk Teno («Storelva»), er ei 348 kilometer lang elv, den femte lengste i Noreg,[1] som renn gjennom kommunane Karasjok og Tana i Finnmark fylke. Over 256 kilometer av elva utgjer grensa til Finland. Den eksakte grensa følgjer djupålen i elva, og blir kontrollert kvart 25. år.[2]

Sommarnatt på Tanaelva

Elva er kjend for laksefisket og er den største lakseelva i Noreg. Tanaelva har verdsrekorden for den største atlantiske laksen teken på stong. Han vog 36 kilo og vart teken i 1929.

Tana bru blei bygd i 1948 og har eit hovudspenn på 195 meter. Ho er den lengste mjuke hengebrua i Noreg. Grensepassering til og frå Finland skjer ved Polmak og over Samelandsbrua ved Utsjoki.

Elva munnar ut i Tanafjorden. Tanamunningen er eit av dei største urørte deltaområda i Europa.

Tana blei verna mot kraftutbygging i 1980 gjennom Verneplan II for vassdrag.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norges vassdrags- og energidirektorat: Dei lengste elvane i Noreg Arkivert 2005-11-24 ved Wayback Machine.
  2. Grensevassdrag, arkivert frå originalen 18. desember 2013, henta 20. november 2018 
  3. «234/1 Tana (Deatnu)». nve.no -> Vann, vassdrag og miljø -> Verneplan for vassdrag. Norges vassdrags- og energidirektorat. 26. juni 2017. Henta 22. juli 2017.