Tanamiørkenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tanamiørkenen
Tanami Desert
ørken
Tanami Track 23rd June.jpg
Land Flag of Australia.svg Australia

Tanamiørkenen
20° S 130° E
Wikimedia Commons: Tanami desert
IBRA-regionane i Australia, med Tanamiørkenen i raudt

Tanamiørkenen er ein ørken i Australia. Han ligg i den vestleg-sentrale delen av Nordterritoriet og dekkjer 184 500 km².

Tanamiørkenen fekk engelsk namn av den britiske oppdagaren Allan Davidson, Tanami, som truleg var ei omforming av den opphavlege warlpirinemninga på staden.

Landskapet i Tanami består av raude sandsletter som vekslar med eit steinete landskap med små åsar. Den sporadiske nedbøren gjer at vegetasjonen er sparsam. Det held til ein bestand av forvilla kamelar i ørkenen.

I 1900 blei det oppdaga gullførekomstar i Tanamiørkenen, og det blir framleis vunne ut gull her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kelly, Kieran, (2003) Tanami : on foot across Australia's desert heart Sydney : Pan Macmillan Australia, 2003. ISBN 0732911885
  • Thackway, R and I D Cresswell (1995) An interim biogeographic regionalisation for Australia : a framework for setting priorities in the National Reserves System Cooperative Program Version 4.0 Canberra : Australian Nature Conservation Agency, Reserve Systems Unit, 1995. ISBN 0642213712

Koordinatar: 20°S 130°E