Tandberg Television

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tandberg Television

Org.formAnsvarleg aksjeselskap
Org.nr.977234913
BransjeInformasjonsteknologi
Skipa1979
NedlagdOpphøyrde som eige selskapsnamn i 2010
MorselskapFleire, til slutt Ericsson
HovudkontorSouthampton
LandNoreg
Tilsette900
Nettstadhttps://tandbergtv.com (norsk)
Tandberg-stand på ei utstilling i Sydney.

Tandberg Television ASA var eit leiande selskap innan utvikling og levering av digital-TV og satellittutstyr.

Selskapet har røter i Tandbergs Radiofabrikk. Det blei skipa som eit dotterselskap av Tandberg den 10. oktober 1984. Aktiviteten var i Tandberg-fabrikken på Kjeller, TR3. Selskapet utvikla og produserte kringkastingsutstyr basert på C-MAC-formatet, i samarbeid med Televerket.

I 1994 flytta føretaket til Lysaker.[1] 3. januar 1997 blei selskapet skild ut frå Tandberg som eige børsnotert selskap. Rundt 1999 kjøpte dei ein del av Rupert Murdoch sitt NewsCorp som inkluderte ei utviklingsavdeling i Storbritannia, noko som i fleire år etterpå førte til underskot. Mykje av utviklinga i Tandberg Television vart flytta til Southampton i England, men selskapet hadde framleis noko verksemd i Tandberg-bygga på Lysaker.

13. mars 2007 blei Tandberg Television seld til svenske Ericsson for om lag 10 mrd SEK (NOK 106 per aksje). Dei fortsette å operera som ei sjølvstendig eining i Ericsson-konsernet (i ei gruppe kalla Ericsson Business Unit Multimedia) fram til 25. januar 2010, då dei blei ein integrert del under namnet Ericsson Television Ltd.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]