Tandemakselerator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein tandemakselerator eller tandem Van de Graaff-akselerator er ein Van de Graaff-akselerator der akselerasjonsrøyret går rett gjennom den positive høgspenningselektroden og til jordpotensial i begge endar. Negative ion blir ført inn i den eine enden av røyret, blir akselerert mot høgspenningselektroden, passerer der ein tynn folie, ein strippar, som fjernar to eller fleire elektron frå kvart ion, slik at dei blir positivt ladd og blir vidare akselerert i spenningsfallet mot jord i den andre halvdelen av røyret. Fordelen med tandemakseleratoren framfor den enkle Van de Graaff-akseleratoren er at iona blir ført inn ved jordpotensial, og at ein får utnytta spenninga dobbelt. Spesielt for akselerasjon av tunge ion er han veleigna, fordi ein i stripparen kan få fjerna fleire elektron og med det i siste akselerasjonstrinn få tilført fleire gonger så mykje energi som når ein har ion med berre ei enkel lading.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]