Tandemtraktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjematisk teikning av tandemtraktorkonvertering.
Doe 130 tandemtraktor.

Tandemtraktor er ein rammestyrt firehjulsdriven traktor som er sett saman av to bakhjulsdrevne traktorar.

Tandemtraktorane dukka opp på 1950-talet for å dekkja etterspurnaden etter traktorar med større trekkraft enn ein fekk frå dei største bakhjulsdrevne traktorane som då var på markaden. Dei var laga ved at framakselen på to bakhjulsdrivne traktorar vart fjerna og traktorane vart kopla saman med eit ledd på midten. Ein fekk då ein firehjulsdriven rammestyrt traktor. Den fyrste tandemtraktoren tykkjest ha vore Allis-Chalmers Duplex, frå 1920-talet. Han vart laga ved at to Allis-Chalmers 6/12 vart kopla saman med eit ledd, med bakendane mot kvarandre [1]. Denne traktoren vart inga suksess og berre nokre få vart laga.

Det var i 1957 at George Pryor, som dreiv eit stort gardsbruk med stiv leirjord i Navestock i Essex i Storbritannia, var på leiting etter ein kraftig traktor. Han lika ikkje beltetraktorar og han fann ikkje store nok hjultraktorar på marknaden. Han fjerne difor framakslingane frå to Fordson New Major og sette dei saman med eit ledd på midten, slik at han fekk ein firehjulsdriven rammestyrt traktor [2]. Leddet var festa til bakenden av den fremste og til framenden på den attaste traktoren. Dei to traktorane vart styrte ved å vinkla leddet med hydrauliske sylindrar. Hydraulikkpumpa på den fremste traktoren vart nytta for styresylindrane. Føraren set på den attaste traktoren, der han hadde best oversikt over bakmontert reiskap.

Ernst Doe and Sons, som hadde spesialisert seg på å tilpassa maskiner til spesielle føremål, såg potensialet i konstruksjonen og kjøpte rettane til å produsera tandemtraktoren. Den fyrste tandemtraktoren frå Doe, Doe Dual Power, var bygd på to Fordson Super Majorar, som kvar hadde ein effekt på 54 hk. Koplingspedalane på dei to traktorane var synkroniserte med hydraulisk overføring og pådraget til motorane var kopla saman med kabel, slik at begge motorane fekk om lag sama turtal. Det synte seg å vara ein føremon at turtalet på den fremste motoren var litt høgare enn på den attaste. Fordson Power Major hadde seks hastigheiter framover pluss revers. I tillegg hadde han høg-låg-gir, med fri i midten. På dei fyrste Doe tandemtraktorane, som vart selde i 1958, var høg-låg-girskiftet på dei to traktorane kopla saman med mekaniske stag, men for å skifta mellom dei seks framovergira og revers måtte traktoren stoggast og settast i fri med høg-låg-girspaken og føraren måtte gå fram til den fremste traktoren for å skifta gir.

Tandemtraktorane til Doe hadde mykje større trekkraft enn andre traktorar på denne tida og erfaringane var gode. På grunn av rammestyringa var heller ikkje snuradiusen alt for stor. I 1959 og 1960 kom det nye versjonar, som let føraren skifta gir på begge traktorane og kopla inn differensialsperra frå førarplassen. Berre nokre hundre maskiner av denne typen vart laga. Då Ford 5000 kom på marknaden i 1964 bygde Doe ein tandemtraktoren Doe 130, basert på to Ford 5000, men berre nokre få vart selde. Tandemtraktorane kunne ikkje konkurrera med ordinære rammestyrte traktorar og mot slutten av 1960-talet la Doe ned produksjonen.

Sjølv om Doe kanskje er den best kjente produsenten av tandemtraktorar var dei ikkje dei fyrste til å laga slike traktorar. I Australia vart det eksperimentert med tandemtraktorar så tidleg som i 1953, basert på to Field Marshall traktorar [2]. I 1955 kopla Iowa Agricultural Experimental Station i USA saman ein Ford 8N og ein Ford 860 og i 1957 utførte Michigan State University forsøk med to Ford 860 i tandem [2].

Fleire andre føretak marknadsførte tandemtraktorar. I 1959 presenterte Bolinder-Munktell ein tandemtraktor, baserte på to BM 36. Seinare vart BM Volvo Boxer 350 nytta [3]. I Sovjetunionen vart to Vladimir T28 nytta som basis for ein tandemtraktor. Somme bygde sine eigne tandemtraktorar, som til dømes A.H. Steinberger i Nederland, som nytta to International Harvester 436 i tandem [2].

I Danmark tykkjest det ha vore meir interesse for tandemtraktorar enn mange andre plassar. Så seint som i 1982 vart det på det danske godset Frijsenborg & Wedellsborg Landbrug bygd ein tandemtraktor, basert på to Volvo BM 700 [4].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pripps, R.N., The big book of farm tractors, Voyager Press, 2001.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Gibbard, S., Ford tractor conversions - The story of County, Doe, Chaseside, Northrop, Muir-Hill, Matbro & Bray, Old Pond Publishing, 1995.
  3. Hedell, O., Från Munktells till Valtra - en 75-årig traktorepok, LRF Media, 2000.
  4. Niléhn, A., Tandem för sakens skull[daud lenkje], ATL, 11/8-2005.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]