Tanga i Tanzania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tanga
by
Mosque in Ngamiani, Tanga.jpg
Gate med moské i Tanga i 2005
Land Flag of Tanzania.svg Tanzania
Region Tanga

Tanga i Tanzania
5°4′0″ S 39°6′0″ E
Wikimedia Commons: Tanga (Tanzania)
Postkort frå Tanga (1914) med portrett av Hermann von Wissmann

Tanga er den nordlegaste hamnebyen i Tanzania og har 224 891 innbyggjarar (1. januar 2005). Tanga er òg administrasjonsstaden for regionen med same namn.

Han er hamneby mot Indiahavet og ligg nokre få mil sør før grensa til Kenya. I 1893 blei Tanga utgangspunktet for Usambara-banen, som knytte Victoriasjøen til Indiahavet og til hovudstaden Dar-es-Salaam. Som jarnbaneterminal koplar byen saman det nordre innlandet i Tanzania med havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen blei gunnlagd på 1300-talet. Opphavet til namnet er ukjend, det kan mellom anna ha kome frå persarar som slo seg ned her. Tydinga kan vera 'gard' eller 'dyrka land', eventuelt 'grøn dal' eller 'sti langs ei fjellelv'. Det er også spekulert i om namnet på byen kan ha gjeve opphav til namnet på Tanganyikasjøen.[1]

Portugisarar kontrollerte handel på den austafrikanske kysten i omlag 200 år, frå 1500 til 1700.[2] Sultanatet Zanzibar (frå sultanatet Oman) nedkjempa portugisarane og tok kontroll over Tanga på midten av 1700-talet, i lag med Mombasa, Pembaøya og Kilwa Kisiwani.[3] Byen fortsette som handelshamn for elfenbein og slavar under sultanstyret.[4]

I 1889 blei Tanga vald som det militære støttepunktet for Tysk Austafrika. Han blei eit administrasjonssentrum med bystatus for distriktet i 1891, etter at tyskarane hadde teke kontroll over heile kystområdet frå sultanen av Zanzibar i april det året.

Den lokale økonomien var basert på sisal, som var blitt innført til kolonien mange år tidlegare, og folkesetnaden i området voks raskt. Byen blei òg endestasjonen for Usambara-toglinja som gjekk i innlandet til byen Moshi ved foten av Kilimanjaro.

Som den kystbyen som var nærast Kenya, kom Tanga i frontlinja ved utbrotet av den fyrste verdskrigen. 4. november 1914 gjekk britiske soldatar til angrep i det som skulle bli slaget ved Tanga, som blei utkjempa rundt 5 km sør for byen. Byen blei ikkje erobra av britane før 7. juli 1916.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Frå Tanga lufthamn
Eit skip ved anker i Tangabukta.

Luftfart[endre | endre wikiteksten]

Tanga har ein liten flyplass med to regionale flyselskap, Auric Air og Coastal Aviation, som har ruter til Dar es Salaam, Pemba og Zanzibar. I 2014 hadde lufthamn under 30 000 passasjerar.[5] Det finst også nokre små private flystriper i omlandet.

Vegsamband[endre | endre wikiteksten]

Tanga ligg rundt 250 km frå Chalinze på hovudvegen A14, som går frå Chalinze til Mombasa. Byen ligg rundt 75 km unna Segera, som er eit vegkryss for A14 og B1. B1 knyter smaan Moshi og den nordlege korridoren med Tanga.[6]

Tanga hamn[endre | endre wikiteksten]

Hamna er den eldste hamna i landet som framleis er i bruk, med røter som skal gå tilbake til 500-talet.[7] Tanga hamn er den nest største hamna i Tanzania, og var viktig for utviklinga av byen. Hovudlastene som blir handsama her i dag er kol til sementindustrien og petroleumsprodukt.[8]

Jernbane[endre | endre wikiteksten]

Tanga er utgangspunkt for Usambara-jernbanen til Arusha. Tyskarane byrja bygga denne linja på 1800-talet. I 2018 inveserte styresmaktene i Tanzania 5,7 milliardar tanzanianske shilling for å vøla linja. I juli 2019 byrja dieseldrivne godstog frakt att.[9]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Everett-Heath, John (22. oktober 2020). «Tanga» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-190563-6. doi:10.1093/acref/9780191905636.001.0001/acref-9780191905636-e-9248#. 
  2. Gilbert, Erik (November 2002). «Coastal East Africa and the Western Indian Ocean: Long-Distance Trade, Empire, Migration, and Regional Unity, 1750-1970». The History Teacher 36 (1): 7. ISSN 0018-2745. doi:10.2307/1512492. 
  3. Yanda, Benjamin Chad (1. januar 2007). A Political Ecology of Land Use Change and Natural Resource Conflict in the Rukwa Valley, Southwestern Tanzania. ProQuest. s. 14–16. ISBN 9780549263838. 
  4. «Tanga | Tanzania». Encyclopædia Britannica. Henta 21. januar 2016. 
  5. «Consolidated TAA Traffic Statistics Up to 2014». taa.go.tz. Tanzania Airports Authority. Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta 21. januar 2016. 
  6. «Roads and Highways - COWI Group» (PDF). cowi.com. s. 30. Arkivert frå originalen (PDF) 2016-07-05. Henta 21 January 2016. 
  7. «Hope for growth as Pangani builds new jetty». Tanzania Standard News. Daily News. 19. januar 2016. Henta 21. januar 2016. 
  8. «Tanzania Harbors Authority» (PDF). pmaesa. Port Management Association of East and Southern Africa. Henta 23. desember 2015. 
  9. «Why Tanzania, Kenya and Uganda are falling back to old railway». The Citizen. Henta 29. juli 2019.