Tanganyikaterritoriet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Territory of Tanganyika
Folkeforbund-mandat

1922–1961
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Tanganyikarerritoriet
Plasseringa til Tanganyikarerritoriet
Folkeforbundmandat i Midtausten og Afrika, der nr. 11 viser Tanganyika
Hovudstad Dar es Salaam
Språk Engelsk (offisielt)
Religion Protestantisme, katolisisme, islam og andre
Poltisk struktur Folkeforbund-mandat
Monark
 - 1916-1936 George V
 - 1952-1961 Elizabeth II
Guvernør
 - 1916-1925 Horace Archer Byatt
 - 1958-1961 Richard Turnbull
Historie
 - Britisk-belgisk invasjon 1916
 - Mandatet skipa 20. juli 1922
 - Sjølvstende 9. desember 1961
Valuta Austafrikansk shilling
I dag ein del av  Tanzania

Tanganyikaterritoriet var ein britisk koloni mellom 1919 og 1961. Før slutten av den fyrste verdskrigen var området del av den tyske kolonien Tysk Austafrika. Etter at krigen braut ut invaderte britane Tysk Austafrika, men klarte ikkje å slå den tyske hæren. Den tyske leiaren i Aust-Afrika, Paul Emil von Lettow-Vorbeck, overgav seg ikkje før Det tyske riket hadde brote saman. Etter dette gav Folkeforbundet kontrollen over området til Storbritannia, som kalla sin del av det tidlegare tyske området Tanganyika. Storbritannia heldt Tanganyika som eit mandatområde fram til slutten av andre verdskrigen, då det blei halde som eit SN-protektorat.

I 1961 fekk Tanganyikaterritoriet sjølvstende frå Storbritannia som samvelderiket Tanganyika. Året etter blei det ein republikk, men var framleis med i Samveldet av nasjonar. Tanganyika utgjer i dag fastlandsdelen av staten Tanzania.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Tanganyika» (av Tanganyikasjøen) skal koma frå swahiliorda tanga «segl» og nyika «ubebudd slette» eller «villmark».

Etter at Tyskland leid nederlag i den fyrste verdskrigen i 1918 blei Tysk Austafrika delt opp mellom dei sigrande partane, og det største området gjekk til Storbritannia (Rwanda og Burundi gjekk til Belgisk Kongo og Kiongatriangelet gjekk til Portugisisk Mosambik. Området trong nytt namn, og britane kalla heile sin del av Tysk Austafrika for Tanganyika.

I 1927 gjekk Tanganyika inn i tollunion og postunion med Kenya og Uganda. Samarbeid mellom desse områda utvida seg på fleire område, og førte til at Den austafrikanske høgkommisjonen (1948–1961) og East African Common Services Organisation (1961–1967) blei oppretta, desse var forløparar for Den austafrikanske fellesskapen. Landet heldt sitt fyrste val i 1958 og 1959 . Året etter fekk det indre sjølvstyre, og det blei halde nye val. Begge vala blei vunne av Tanganyika African National Union, som leia landet til sjølvstende i 1961. Året etter blei det hald eit presidentval som førte til at leiaren for TANU, Julius Nyerere, blei den første presidenten i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]