Tango in the Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tango in the Night
Studioalbum av Fleetwood Mac
Utgjeve 13. april 1987
Innspelt November 1985 – mars 1987
Sjanger Poprock
Adult contemporary
Lengd 44:28
Selskap Warner Bros.
Produsent Lindsey Buckingham,
Richard Dashut
Fleetwood Mac-kronologi
Mirage
(1982)
Tango in the Night Behind the Mask
(1990)
Singlar frå Tango in the Night
  1. «Big Love»
    Utgjeve: Mars 1987[1]
  2. «Seven Wonders»
    Utgjeve: Juni 1987[1]
  3. «Little Lies»
    Utgjeve: August 1987[1]
  4. «Everywhere»
    Utgjeve: November 1987 (USA) / February 1988 (UK)[1]
  5. «Family Man»
    Utgjeve: Desember 1987 (UK) / Mars 1988 (USA)[1]
  6. «Isn't It Midnight»
    Utgjeve: Juni 1988[1]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[2]
Robert ChristgauB+[3]

Tango in the Night er det 14. studioalbumet til det britisk-amerikanske bandet Fleetwood Mac. Det kom ut i april 1987 og var det femte albumet med den mest suksessrike besetninga av bandet med Lindsey Buckingham, Stevie Nicks, Christine McVie, John McVie og Mick Fleetwood.[1]

Albumet var produsert av Buckingham med Richard Dashut og Tango in the Night vart først starta som eit soloprosjekt for Buckingham, men i 1985 hadde prosjektet blitt til det neste albumet av Fleetwood Mac. Det inneheld fleire hitsinglar, som «Big Love», «Seven Wonders», «Everywhere» og «Little Lies». Albumet har seld over 15 millionar eksemplar verda over.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tango in the Night er det nest mestseljande albumet til bandet[4] etter den enorme suksessen til Rumours, som kom ut 10 år tidlegare. Albuma som kom i mellom, Tusk (1979) og Mirage (1982), hadde seld godt, men ikkje oppnådd same suksess som føregjengarane. Tango in the Night og singlane frå albumet vart hittar verda over. «Little Lies» og «Everywhere» vert særskild rekna som klassiske hittar frå slutten av 80-åra og finst på mange samlealbum for 1980-åra.[5]

Albumet vart ein suksess i USA og debuterte på 43. plassen på Billboard Top 200 Album-lista, og klatra til slutt til ein sjuandeplass, der det låg i tre veker. Det låg meir enn sju månader inne på topp 20 og meir enn ti månader inne på topp 40, og selde til trippel platina for 3 000 000 selde eksemplar.[6] Fire av singlane frå albumet nådde Billboard Top 20: «Big Love» (#5), «Little Lies» (#4), «Everywhere» (#14) og «Seven Wonders» (#19).[1] Albumet vart særleg ein suksess i Storbritannia der det låg på toppen av albumlista tre gonger i 1987-1988 i totalt fem veker, og det låg meir enn åtte månader inne på topp 10. Det vart det sjuande mestseljande albumet i Storbritannia i 1980-åra, og selde til 8x platina (2,4 millionar eksemplar),[7] og er framleis eit av dei 100 mestseljande albuma i Storbritannia gjennom tidende.[4] Tre singlar frå albumet nådde topp 10 i Storbritannia: «Big Love» (#9), «Little Lies» (#5) og «Everywhere» (#4). I alt vart det gjeve ut seks singlar frå albumet over ein periode på 15 månader.[1] Albumet låg i alt 115 veker inne på topp 75 på UK Album Chart.[8]

Tango in the Night er så langt det siste studioalbumet med den «klassiske» besetninga av Fleetwood Mac, som bestod av Lindsey Buckingham, Stevie Nicks, Christine McVie, John McVie og Mick Fleetwood, før Buckingham slutta i bandet sommaren 1987. Denne besetninga har kome saman att i seinare tid for konsertar og turnear, som då dei framførte «Don't Stop» for den nyvalte amerikanske presidenten Bill Clinton i 1993 og konsertturneen The Dance i 1997 og verdsturneen deira i 2014-2015.

Då Buckingham slutta i bandet, kort tid før dei skulle ut på turne i 1987, vart to musikarar henta inn for å erstatte han: Rick Vito og Billy Burnette, som fullrte turneen i 1987-1988 med resten av bandet.

Plateomslaget til albumet var eit måleri av den australske kunstnaren Brett-Livingstone Strong, som hang i heimen til Buckingham. Det er ein hyllest til den franske målaren Henri Rousseau, og etterliknar det fargerike jungeltemaet hans. Det vart òg nytta som plateomslag for den første singelen deira «Big Love».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Big Love»  Lindsey Buckingham 3:37
2. «Seven Wonders»  Sandy Stewart, Stevie Nicks 3:38
3. «Everywhere»  Christine McVie 3:41
4. «Caroline»  Buckingham 3:50
5. «Tango in the Night»  Buckingham 3:56
6. «Mystified»  C. McVie, Buckingham 3:08
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Little Lies»  C. McVie, Eddy Quintela 3:38
2. «Family Man»  Buckingham, Richard Dashut 4:01
3. «Welcome to the Room... Sara»  Nicks 3:37
4. «Isn't It Midnight»  C. McVie, Quintela, Buckingham 4:06
5. «When I See You Again»  Nicks 3:47
6. «You and I, Part II»  Buckingham, C. McVie 2:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fleetwood Mac

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar: Lindsey Buckingham, Richard Dashut
  • Arrangement: Lindsey Buckingham
  • Lydteknikar: Greg Droman
  • Plateomslag - konsept: Lindsey Buckingham, Richard Dashut
  • Måleri: Brett-Livingstone Strong
  • Fotografi: Greg Gorman
  • Kunstnarisk leiar: Jeri Heiden

Lister[endre | endre wikiteksten]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987–88) Plassering
Australian Kent Music Report[9] 5
Austerrike[10] 23
Canadian RPM Album Chart[11] 6
Nederland[12] 2
Frankrike[13] 25
Italia[14] 11
Japan[15] 14
New Zealand[16] 9
Noreg[17] 10
Spania[18] 34
Sverige[19] 1
Sveits[20] 7
UK Album Chart[21] 1
US Billboard 200[22] 7
Vest-Tyskland[23] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1987) Plassering
Australia[9] 6
Canada[24] 10
Nederland[25] 11
Frankrike[26] 67
UK Album Chart[27] 5
US Billboard Pop Album[28] 40
Liste (1988) Plassering
Nederland[29] 1
Italia[14] 53
UK Album Chart[27] 7
US Billboard Pop Album[30] 50

Tiårsliste[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980-åra) Plassering
Storbritannia[27] 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 The Great Rock Discography. 6th Edition. Martin C. Strong. Page 378. ISBN 1-84195-312-1
  2. Allmusic review
  3. Robert Christgau review
  4. 4,0 4,1 TOP SELLING ALBUMS 1959-2009 (Music Week 19 September 2009-50th Anniversary issue-cut off point is Saturday, 22 August 2009)
  5. Rock The Rough Guide. 2nd Edition. Various. Page 365. ISBN 1-85828-457-0
  6. «American album salstrofé – Fleetwood Mac – Tango in the Night». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  7. «British album salstrofé – Fleetwood Mac – Tango in the Night». British Phonographic Industry.  Enter Tango in the Night in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  8. Complete UK Hit Album 1956-2005 by Graham Betts. Page 150. Collins. ISBN 0-00-720532-5
  9. 9,0 9,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «austriancharts.at Fleetwood Mac – Tango in the Night» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 20 February 2013. 
  11. Library and Archives Canada. Henta 20 February 2013
  12. «dutchcharts.nl Fleetwood Mac – Tango in the Night» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 14. mai 2015. 
  13. «InfoDisc : Tous les Album classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Henta 14. mai 2015. 
  14. 14,0 14,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1988» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 14. mai 2015. 
  15. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  16. «charts.org.nz Fleetwood Mac – Tango in the Night» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 14. mai 2015. 
  17. «norwegiancharts.com Fleetwood Mac – Tango in the Night» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 14. mai 2015. 
  18. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  19. «swedishcharts.com Fleetwood Mac – Tango in the Night» (ASP) (på Swedish). Henta 14. mai 2015. 
  20. «Fleetwood Mac – Tango in the Night – hitparade.ch» (ASP). Hung Medien (på tysk). Swiss Music Charts. Henta 14. mai 2015. 
  21. «Fleetwood Mac > Artists > Official Charts». UK Album Chart. Henta 14. mai 2015. 
  22. «allmusic ((( Tango in the Night > Charts & Awards > Billboard Album )))». allmusic.com. Henta 14. mai 2015. 
  23. «Album Search: Fleetwood Mac – Tango in the Night» (på tysk). Media Control. Henta 20 February 2013. 
  24. «Top 100 Album of '87». RPM. 26 desember 1987. Henta 14. mai 2015. 
  25. «Dutch charts jaaroverzichten 1987» (på nederlandsk). Dutchcharts.nl. Henta 2 May 2014. 
  26. «Les Album (CD) de 1985 par InfoDisc» (PHP) (på French). infodisc.fr. Henta 14. mai 2015. 
  27. 27,0 27,1 27,2 «Everyhit.com UK Year-End Album Charts». Henta 5 May 2011. 
  28. «Top Pop Album of 1987». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31 desember 2012. Henta 2 May 2013. 
  29. «Dutch charts jaaroverzichten 1988» (på nederlandsk). Dutchcharts.nl. Henta 9 April 2014. 
  30. «Billboard.BIZ». billboard.biz. Arkivert frå originalen 1 January 2013. Henta 1 May 2013.