Tangra Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tangra Mountains
fjellkjede
Dei sentrale Tangra Mountains
Land  Antarktis
Stad Livingston Island
 - koordinatar 62°40′S 60°06′W
Lengd 30 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Tangra Mountains
62°40′0″ S 60°6′0″ W
Kart over Tangra Mountains
Kart over Tangra Mountains
Kart over Tangra Mountains
Tangra Mountains is located in Antarktis
Tangra Mountains (Antarktis)
Wikimedia Commons: Tangra Mountains

Tangra Mountains (bulgarsk Тангра Планина, 'Tangra Planina') er den største fjellkjeda på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Fjellkjeda fekk ikkje namn før 2001, då ho vart kalla opp etter den bulgarske guden Tangra.[1]

Tangra Mountains er 30 km lang mellom Barnard Point og Renier Point, 8 km brei, og grensar til Moon Bay og Huronbreen i nord, Huntressbreen i nordvest, False Bay i vest og Bransfieldsundet mot søraust, og er knytt til Bowles Ridge via Wörner Gap og til Pliska Ridge via Nesebar Gap. Fjellet er delt inn i tre hovudkammar: Friesland Ridge i vest, Levski Ridge i midten og Delchev Ridge i aust.

Det ligg mange isbrear i Tangra som Huron, Huntress, Ruen Icefall, Peshterabreen, Charitybreen, Tarnovo forlandsbre, Prespabreen, Macybreen, Boyanabreen, Srebarnabreen, Magurabreen, Dobrudzhabreen, Ropotamobreen, Strandzhabreen, Pautaliabreen, Sopot forlandsbre og Iskarbreen.

Camp Academia ligg nordvest for foten av Zograf Peak og er den beste vegen inn i dei sentrale Tangra Mountains via Catalunyan Saddle (1260 moh.) i sør og Lozen Saddle (437 moh.) i aust.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tangra Mountains. Arkivert 2010-12-20 ved Wayback Machine. SCAR Composite Antarctic Gazetteer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]