Tanja Damaske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tanja Damaske
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 16. november 1971 (52 år)
Berlin
Idrett friidrett

Tanja Damaske (fødd 16. november 1971) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Aust-Berlin som i 1998 vart europameister i spjutkasting.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Damaske enda på sjetteplassen i spjut-tevlinga både under EM 1994 og VM 1995. I 1995 vart ho tysk meister for fyrste gong, ein prestasjon ho gjentok årleg 1997-2000.

År 1997 kasta Damaske spjutet 67,12 meter under VM i Aten og tok bronsen, norske Trine Hattestad vann framom Joanna Stone frå Australia. Den 5. juli 1998 forbetra Damaske sin personlege rekord til 70,10 m då ho vann den tyske meisterskapen i Berlin. Under europameisterskapen i Budapest seks veker etterpå kasta Damaske 69,10 meter og vann gullmedaljen, med stor margin til dei andre to medaljevinnarane, russiske Tatjana Sjikolenko og finske Mikaela Ingberg.

Frå 1999 vart eit nytt spjut teke i bruk i kvinnefriidrett. Med dette spjutet kasta Damaske 66,91 meter i den tyske meisterskapen, førebels verdsbeste. Ein skade gjorde at ho stod over VM 1999 i Sevilla. Også til OL 2000 var ho utteken, melde også då avbod grunna skade.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]