Tanngnjost og Tanngrisne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tanngnjóstr)
Tanngnjost og Tanngrisne dreg vogna til guden Tor.

Tanngnjost og Tanngrisne er to geitebukkar i norrøn mytologi som tilhøyrer toreguden Tor. Når det torna, var det dei som var ute og drog vogna til guden.

«Tanngnjost» kjem av Tanngnjóstr eller Tanngiost, 'den som skjer tenner', medan «Tanngrisner» kjem av Tanngrisnir, den som har glisne tenner'.

Bukkane er kjende frå sogene for at dei kan slaktast og etast, men deretter koma til live igjen når Tor svingar hammaren sin. I ei soge knekkjer guten Tjalve eit bukkebein for å suga ut mergen, sjølv om han ikkje har love. Då Tor merkar at ein av bukkane haltar, tek han Tjalve og systera Roskva med til Åsgard som bot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jan-Erik Ebbestad Hansen og Kari Møller, Norrøne myter og sagn (Gyldendal, 1999)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]