Tannheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tannheim

Tannheim er ein kommune i distriktet Reutte i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen, som dekker eit areal på 51,3 km² med 1058 ibuarar i 2016, grensar i nord til delstaten Bayern og Tyskland og i sørvest til forbundslandet Vorarlberg.

Tannheim kommune omfattar til saman 10 landsbyar og grender. Landsbyen Tannheim ligg 1097 meter over havet.

Turisme er hovudnæring i kommunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]