Tannstongbane
(Omdirigert frå Tannhjulbane)
Tannstongbane eller tannhjulbane er ei jarnbane som går i så bratt terreng at motor og bremsesystema på toget må vere utstyrt med eitt eller fleire tannhjul som grip inn i ei tannstong langsetter midten av skjenegangen for at toget skal kunne kome seg opp og ned stigninga på strekninga.
Tog på tannstongbana Bayerische Zugspitzbahn i Bayern.
Sporveksel (pens) på stasjonen Lauterbrunnen på tannstongbana Wengernalpbahn.
Ulike tannstongbanesystem[endre | endre wikiteksten]
Det finnt ulike system for korleis tannstanga i skjenegangen og drivtannhjula på toga er tillaga. No for tida nytter dei fleste tangstongbanene det såkalla Abt-systemet.