Tannsjön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tannsjön er ein busetnad og ein innsjø i Strömsunds kommun, i den nordvestlege delen av Jämtland i Sverige, og ca. 65 km frå Östersund og 20 km frå Hammerdal.

Busetnaden ligg ved innsjøen, med store skogsområde rundt. Mengda fastbuande er for tida berre tre, men det er mange fritidsbustader i området. Det er òg ein kafe som har ope på sommaren og for scooterturistar. Det er mykje aktivitet på staden rundt jul og påske.

Rundt Tännsjön er det eit rikt dyreliv, med vinterbeitande elg inne i busetnaden, og bjørnespor som jamleg er observervert i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 63°31′30″N 15°39′0″E