Tante Julia og han som skriver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tante Julia og han som skriver, originaltittel La tía Julia y el escribidor, er ein halvbiografisk roman av den peruanske forfattaren og nobelprisvinnaren Mario Vargas Llosa. Han kom ut på spansk i 1977 og vart omsett til bokmål av Kari og Kjell Risvik i 2007.[1]

Romanen handlar om ein vaksen, Mario, som drøymer om å bli forfattar og arbeider på ein radiostasjon der han møter Pedro Camacho, ein eksentrisk tekstforfattar til bolivianske radiodrama som òg speler det han skriv. Mario, eller Marito, som han blir kalla i stykket, forelskar seg sin tante Julia. Ho er skilt og er 14 år eldre enn Mario, så han blir konfrontert med motstand i frå eigen familie og må gå mot deira vilje for å gifte seg med henne.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein nær sjølvbiografisk roman, her skildrar forfattaren ein avgjerande periode i livet sitt. Varguitas[2] eller Marito, bur med besteforeldra fordi foreldra er i utlandet. Han jobbar på radioen og byrjar å orientere seg i litteraturen. Det er i denne perioden at tilhøvet til Julia byrjar, og som han etter kvart giftar seg med trass motstanden frå familien sin. På den andre sida møter han sin første verkelege inspirasjonen: Pedro Camacho er ein boliviansk forfattar som skriv manus for høyrespel med historier som er vove saman med hovudpersonen sine opplevingar.

Sjølve tittelen viser til doble forteljingar som òg er grunnlaget for handlinga til romanen: på den eine sida, den unge forfattaren Varguitas sin kjærleiksaffære med ei kvinne i familien, tante Julia, 14 år eldre enn han, og på den andre sida, det hemmingslause nærvære av føljetongsforfattaren Pedro Camacho på den same radiostasjonen som Varguitas arbeider.

Den edle lidenskapen mellom tante Julia og forfattarlærlingen, som femtitalets samfunn i Lima freistar å stoppe med alle midlar, blir kombinert og sett i kontrast mot dei gruelege historiene frå føljetongane som går på lufta. Kontrapunktet i ein brennande lidenskap med eit drag av Shakespeare og hans melodrama.

Tante Julia og forfattaren sameiner interessa for eventyr, der merksemda til lesaren er basert på ein lykkeleg slutt som er stadig utsett, og dei mest hysterisk morosame og bisarre tidsfordriv, ingen tvil takka vere morosame bidrag frå forfattarar Camacho, ein av dei store karakterane blant peruanske romanforfattarar. Romanen gjev eit bilde av Lima i 1950, ein satirisk titt på peruansk radiosåpeoperaer, og er ei gransking av både praktiske og kreative sider ved skriving.

Romanen er delvis basert på forfattaren sitt første ekteskapet med Julia Urquidi. Urquidi skreiv seinare memoarane sine, Lo que Varguitas no dijo («kva little Vargas ikkje sa»), der ho gjev si personlege framstilling av tilhøvet deira.

Tante Julia og forfattaren blei seinare omarbeidd som en Hollywood-film, Tune in Tomorrow, der settinga blei flytta frå Lima til New Orleans. Filmen kom ut i mange land.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på «Tant Julia och författaren» frå Wikipedia på svensk, 9. november 2010. Artikkelen gav følgjande kjelder:
    • Vargas Llosa, Mario; Nordenhök Jens Tant Julia och författaren, Norstedt, Stockholm 1981 (romanen i svensk omsetjing)
    • Urquidi Illanes, Julia My life with Mario Vargas Llosa, P. Lang, New York 1988, American university studies. Series XXII, Latin American literature (engelsk). ISBN 0-8204-0689-9

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oppslag i Bibsys.no
  2. Varguitas - Mario Vargas Llosa sitt alter ego
  3. IMDB om Tune in Tomorrow (1990).