Tante Pose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tante Pose
OpphavslandNoreg
SpråkNorsk
SjangerChristmas film
RegissørLeif Sinding
ProdusentGustav Martinsen
ManusGabriel Scott, Leif Sinding
MusikkJolly Kramer-Johansen
Lengd92 min.

Tante Pose er ein norsk filmkomedie frå 1940 regissert av Leif Sinding og produsert av Merkur Film AS ved Gustav Martinsen. Han byggjer på ei forteljing av Gabriel Scott.

Filmen hade premiere 27. august 1940, og har sidan blitt send fleire gonger på norsk fjernsyn til jul. Han blei send på fjernsyn første gong i jula 1970.[1]

Musikken i filmen, mellom anna tittelsongen «Tante Pose», blei komponert av Jolly Kramer-Johansen.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Filmen byrjar under julestria i hushaldninga til sorenskrivar Nicolai Bals (Einar Vaage). Uventa melder systera hans, Blanca (Henny Skjønberg) med kallenamnet «Tante Pose», at ho vil koma på besøk. Tante Pose viser seg å vera ei gretten gamal peparmøy som ligg i konflikt med svigerfaren til sorenskrivaren og ungdommen i huset.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Høyrespelversjon[endre | endre wikiteksten]

I 1939 produserte og sende NRK Radio ein tre timar lang høyrespelversjon dramatisert av Peter Lykke-Seest. Gunnar Neels-Hansson var instruktør. Denne blei send 1. nyttårsdag 1940.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. VG - Radio og TV (24.12.1970, s. 21)
  2. Aftenposten aften Radiobilag - 1 nyttårsdag (29.12.1939, s.4)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]