Brunlanes prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tanum prestegard)

59°1′29.057″N 9°58′6.2904″E / 59.02473806°N 9.968414000°E / 59.02473806; 9.968414000

Brunlanes prestegard

Kart
Brunlanes prestegard
59°01′29″N 9°58′06″E / 59.02473831°N 9.96841431°E / 59.02473831; 9.96841431

Brunlanes prestegard eller Tanum prestegard ligg vest for Tanum kyrkje i Brunlanes i Larvik kommune. Garden er kjend som kunstnarheim, ettersom forfattaren Hanna Winsnes (1789–1872) budde her i åra 1830–1845, medan ektemannen Paul Winsnes var prest her.

Prestegard[endre | endre wikiteksten]

Prestegarden si historie går langt attende i tid, og fleire av dei noverande prestegardsbygningane er frå 1700-talet. Garden i dag freda, men vert framleis nytta som prestegard. Eigar er Opplysningsvesenets fond.

Hovudbygningen (våningshuset) vart oppført i 1761–67. Det er eit laftebygg i to etasjar med valmtak og ståande panel. Bygningen var opphavleg prega av rokokko, men stiluttrykket vart noko endra i 1904. Også forpaktarbustaden skal vere oppført i 1760-åra. Stabburet er datert til 1789, medan driftsbygning og vognskjul er frå 1913. Alle desse er freda.

Familien Winsnes[endre | endre wikiteksten]

Familien Winsnes budde her i 15 år. Dei kom hit etter å ha tent i kort tid i Hurdal, Trysil og Aurdal i Valdres. Ved sida av det etterfylgjande opphaldet i Vang i Hedmark frå 1845 var dette deira lengste faste bustad. Medan familien budde her, var Paul Winsnes stortingsrepresentant ved sida av prestekallet. Paret fekk i alt åtte born frå 1818 til 1827, og i tida i Tanum mottok Hanna Winsnes unge jenter til husstellopplæring i prestegarden.

Samstundes var det i denne tida at ho realiserte forfattarskapen sin. Den anonyme Catechismi fem parter, udsatte i vers vart skriven i tida i Valdres, men kom ut i 1831. I 1841 kom først romanen Grevens Datter, og deretter byrja ein serie på i alt 17 bidrag over 4 år til månadstidsskriftet Nat og Dag. Av desse 17 var nokre noveller og episke dikt på under 10 sider, men òg ein roman (Det første Skridt) på 166 sider. Alt dette vart skrive og gjeve ut under psevdonymet Hugo Scwartz, som ho lenge vokta strengt. I 1845 kom så eit lite hefte med gåter, forutan første utgåva av hovudverket hennar, Lærebog i de forskellige grene af husholdningen, som bygde på eigne erfaringar frå prestegarden og prestegardsskjøkenet og husstellundervisninga som ho hadde gjeve i sin eigen heim.

Farvel du kjære hyggelige Egn
du gamle Præstegaard med Løvets Hegn!
Farvel hver elsket Plet, der stedse binder
mit Hjerte fast til Dig ved kjære Minder

Frå Hanna Winsnes' dikt «Farvel til Tanum»

Livet i prestegardane er skildra i boka Fra Hanna Winsnes' Præstegaard (1911). Boka vart redigert av oldebarnet, forfattaren Barbra Ring, og inneheld eit utval av brev frå Hanna Winsnes til dottera Barbra W. Ring (1819–), dottera sine barndomserindringar og ei innleiing av redaktøren. Winsnes sitt dikt «Farvel til Tanum» frå samlinga Smaa-Digte (1848) gjev òg inntrykk frå livet hennar på garden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Brunlanes prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Hilde Diesen. Dikterhus. Tell forlag, 1994 (bokhylla.no – fulltekst)
  • Henry Notaker. Hanna Winsnes, mer enn matmor. Gyldendal, 1990. ISBN 82-05-19129-8
  • Aftenposten, 15.10.2000. «Gjestfri matmor bak strengt portrett»; intervju med biograf Hilde Diesen