Tapas
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tapas er ein spansk mattradisjon som består av mange ulike smårettar eller snacks. Dei er tradisjonelt blitt selde på barar, og kan serverast varme eller kalde.[1] Tapas er etterkvart blitt populært i mange andre land enn Spania, og kan også serverast på eigne tapasrestaurantar.
Det finst eit utal ulike tapasrettar. Nokre vanleg typar er marinert ansjos, spansk omelett, patatas bravas og blekksprut i paprikasaus.[1]
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Tapa | food», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 5. februar 2020