Tapio Rautavaara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tapio Rautavaara
Tapiorautavaara.jpg
Fødd 8. mars 1915
Birkala
Død

25. september 1979
Åggelby

Yrke lyrikar, songar, spydkaster, komponist, låtskrivar, filmskodespelar
Tapio Rautavaara på Commons

Kaj Tapio Rautavaara (8. mars 191525. september 1979) var ein finsk idrettsutøvar, musikar og skodespelar frå byen Nokia. Han tevla fyrst i friidrett og seinare i bogeskyting. I 1948 vart han olympisk meister i spydkast, og i 1958 var han med på Finlands lag som vart verdsmeistrar i bogeskyting. Sin personlege rekord i spydkast, 75,47 m, oppnådde han hausten 1945 i Mänttä. Rautavaara var 190 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 92 kg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Rautavaara voks opp hos den ugifte mor si. Han arbeidde i ungdomsåra som vegarbeidar, tømmerhoggar og hjelpesmann på ei samvirke-mylne. Under vinterkrigen var han i den finske marinen, som tok lite del i krigføringa. Derimot hadde han frontteneste det fyrste året, 1941-42, av den finske framhaldskrigen. Frå sommaren 1942 og ut krigen var han radiojournalist og rapporterte frå fronten.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Rautavaara tevla i fyrste omgang i spydkast. Han vart finsk meister i øvinga både i 1944 og 45, og på ny frå 1947 til -49. Under europameisterskapen 1946 i Oslo tok Rautavaara bronsemedaljen med eit kast på 66,40 m. To år seinare, under OL 1948 i London vann han olympisk gull, då han slo til med eit kast på 69,77 m i fyrste omgang. Sidan i tevlinga var han langt unna den lengda som sikra topplassen med god margin til sølvmannen Steve Seymour frå USA, som kasta 67,56 m som lengst.

I 1950-åra byrja Rautavaara med bogeskyting, og vart i 1958 verdsmeister med det finske laget. Før den tid, 1955, vart han individuell finsk meister i bogeskyting.

Rautavaara (venstre) og songskrivaren Reino Helismaa på 1950-talet

Musikk og spelefilm[endre | endre wikiteksten]

Samstundes som han var aktiv på idrettsbana, vart Rautavaara ein populær songar som turnerte heile Finland. Populariten var særleg stor på 1950-talet og dei alle fyrste 1960-åra. Hans rolege og sentimentale popsongar har vore populære heilt opp til våre dagar, til dømes versjonen hans av Johnny Cash-hiten I walk the Line, på finsk: Yölinjalla. I alt spela han inn 310 songar.

Mellom 1945 og 1970 spela Rautavaara i 20 finske spelefilmar. Oftast hadde han rolla som protagonisten, personen som må løyse striden som er sett i gang av andre.

Endelikt[endre | endre wikiteksten]

Rautavaara fall og skadde seg i ein symjehall i Vanda. Han vart teken til sjukehus i Helsingfors, derifrå vart han send heim utan grundig utgreiing. Natta etter døydde han av indre blødningar i hovudet i heimen sin i Helsingfors.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM i bogeskyting 1958: Verdmeister i lag for Finland

Diskografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Päivänsäde ja menninkäinen, 1949/1965
  • Reissumies ja kissa, 1949
  • Kulkuri ja joutsen, 1950
  • Isoisän olkihattu, 1951/1963
  • Ontuva Eriksson, 1951
  • Sininen uni, 1952
  • Juokse sinä humma, 1953
  • Kulkuriveljeni Jan, 1956
  • Yölinjalla, 1962
  • Tuopin jäljet, 1963
  • En päivääkään vaihtaisi pois, 1979

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vain sinulle (1945)
  • Synnin jäljet (1946)
  • Kuudes käsky (1947)
  • Kultamitalivaimo (1947)
  • Sinut minä tahdon (1949)
  • Aila, Pohjolan tytär (1951)
  • Rion yö (1951)
  • Salakuljettajan laulu (1952)
  • Pekka Puupää (1953)
  • 2 hauskaa vekkulia (1953)
  • Me tulemme taas (1953)
  • Kummituskievari (1954)
  • Veteraanin voitto (1955)
  • Villi Pohjola (1955)
  • Kaunis Kaarina (1955)
  • Kahden ladun poikki (1958)
  • Molskis, sanoi Eemeli, molskis! (1960)
  • Tähtisumua (1961)
  • X-paroni (1964)
  • Anna (1970)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]