Taplejung distrikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taplejung
ताप्लेजुङ जिल्ला
distrikt
Land Nepal
Hovudstad Taplejung
Areal 3 646 km²
Folketal 127 461
Kart
Taplejung distrikt
27°21′00″N 87°40′00″E / 27.35°N 87.666667°E / 27.35; 87.666667
Mechi-distrikta i Nepal
Mechi-distrikta i Nepal
Mechi-distrikta i Nepal
Wikimedia Commons: Taplejung District

Taplejung er eit distrikt i Mechi-sona i Den austlege utviklingsregionen i Nepal. Det er er det nordaustlegaste distriktet i landet, og det nest høgaste.

Taplejung har eit areal på 3 646 km² og eit folketal på nær 130 000. Hovudstaden heiter også Taplejung.

Den nordlege delen av distriktet høyrer til Himalaya. Kantjendjunga, det tredje høgaste fjellet i verda, ligg i Taplejung. Tamur-elva har utspring i dette fjellet og renn gjennom distriktet. Kantjendjunga naturvernområde dekkjer den nordlegaste halvdelen av distriktet.

Pathibhara-tempelet som ligg her er eit viktig valfartsmål for buddhistar, hinduar og kirantar.

I vest grenser Taplejung mot distriktet Sankhuwasabha, i nord mot Tibet, i aust mot Sikkim og i sør mot dei nepalske distrikta Panchthar og Terathum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]